Lunken kalkun

Sitronen Miles Davis skal pressast for siste drope.

Publisert

Alt månader før han gjekk i studio og spelte inn The Man with The Horn i juni 1980 (etter ein pause på fem år frå musikken) gjekk det rykte om at Miles Davis var i studio i Chicago og jobba med Robert Irving III, Randy Hall, Felton Crews og Vincent Wilburn. Tittellåten og «Shout» kom med på plata, men det kan knapt seiast at desse spora heva kvaliteten på ei heller svak utgjeving. Fem­–seks år seinare var Miles attende i Chicago og spelte inn musikk som gjekk under namnet The Rubberband Sessions. I staden for å fullføra dette arbeidet, gav Davis ut Tutu.

Svulstig

Heilt til no har dette materialet frå seinhaustes 1985 vore ukjent. Etter å ha lytta til Rubberband eit halvt dusin gonger, kan vi trygt slå fast at musikksoga ikkje ville vore fattigare om denne plata aldri kom ut. Davis spelar utruleg mykje, om ikkje alltid like velformulert. På tampen av «Paradis» blir det direkte pinleg dårleg. Både «Time after Time» og «Human Nature» har den ekstremt kjenslevare fraseringa til Davis i ei musikalsk innpakking som framhevar desse fraseringskvalitetane. På denne plata er det det motsette som gjeld. Det meste er platt og svulstig. Det heile blir ikkje betre av at ein har «modernisert» lydbiletet og lagt på vokalspor for å gjera musikken meir 2019.

Spekulasjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement