Luftig sentimentalitet
The Longest Road On Earth er ein to timar lang interaktiv indiepopmusikkteiknefilm.
Dyremenneske.
Pop
Beícoli:
The Longest Road On Earth
Brainwash Gang / Raw Fury
Førre veke dukka den heller harry musikkspelhybriden Of Bird And Cage opp, og torsdag denne veka blei det visuelle, interaktive indiealbumet The Longest Road On Earth lansert. Sistnemnde er utvikla av det uavhengige Madrid-baserte studioet Brainwash Gang og har songaren og låtskrivaren Beícoli som frontfigur.
Beícoli har ei ven stemme som kling godt både med den akustiske, americana-inspirerte instrumenteringa og dei elektroniske pop- og trip hop-aktige arrangementa. Medan dei tjuefire songane vert spelte av på rekke og rad, trer lyttaren/ spelaren inn i rollene som forskjellige dyremenneske i kvardagslege situasjonar framstilt med ein nostalgisk, todimensjonal, pikselert svartkvittstil.
I Of Bird And Cage var spel og musikk gjensidig distraherande, og det var like greitt, sidan både musikken og historia var svake. Musikken i The Longest Road, derimot, er kompetent. Få av låtane er særleg originale, men til gjengjeld fungerer det enkle, kvasi-interaktive visuelle narrativet godt i samspel med musikken.
For underteikna ville musikken åleine hatt liten appell, men det oppstår ein rørande resonans mellom bileta, musikken og lyrikken – sjølv når ukuleleklimpringa, dei opne kassegitarakkordane og den minimale perkusjonen blir så repeterande at mentaliteten min elles ville migrert.
Den enkle interaksjonen leier for det meste merksemda mot det musikalske framfor å konkurrere med det, og bidreg til å mane fram ein merkeleg, open sentimentalitet. Det er truleg sant som Beícoli syng i låta The Remedy: Historia oppstår i hovudet ditt.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»