Luftgitar til glede og fortviling
Ellen Andrea Wang har laga betre plater enn dette.
Ellen Andrea Wang finn stadig nye musikalske omgjevnader, men ser ut til å ha ei spesiell tru på trioformatet. Denne gongen har ho den engelske gitaristen Rob Luft og den svenske trommeslagaren Jon Fält med på laget.
Wang har late seg inspirera av Esperanza Spalding og kombinerer titt og ofte basspel og vokal. På Closeness gjer ho det på fire av ni låtar. Sjølv om ho har ei heller spe røyst, fungerer det stort sett aldeles framifrå. Spesielt på «Lonely Woman», Ornette Colemans ikoniske låt med tekst av Margo Guryan, fungerer det fint. Både Karin Krog, Helen Merrill og Radka Toneff har gjort sine versjonar, så det blir som å hoppa etter Wirkola, men Wang har eit spesielt intervall i andre verselinje («They that knew her didn’t care...») som gjev ein dåm av norsk folkemusikk. Det er noko vart og sårbart i uttrykket som gjer at tolkinga står seg.
Det sårbare kjem endå tydelegare fram i spiritualteksten «Nobody Knows», som Wang har laga ny melodi til. I tolkinga hennar av ein annan tradisjonell spiritual, «Wayfaring Stranger», ber ikkje båten like godt. På den reggaeinspirerte versjonen av «This Is Not America» syng alle tre, men her er det etter kvart laga så mange tolkingar at det går 13 på dusinet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.