Lucindas jukebox
Lucinda Williams gir oss ei heil plate vigd til Tom Pettys songskatt.
Lucinda Williams på ei Tom Petty-hyllest i Los Angeles i 2017.
Foto: Chris Pizzello / AP 7 NTB
«You wreck me», syng Lucinda Williams, «you break me in two», og sjeldan har vel den garva artisten høyrst råare ut, med ei røyst som raspar langt ned i hjarterøtene. Det er som det skal vere, og eg kjem til å tenkje på anekdoten gitarist Mike Campbell har fortalt om då Tom Petty skreiv låten, som opphavleg er å finne på albumet Wildflowers (1994). Opphavleg var tittelen «You Rock Me», til ein dag låtskrivaren dukka opp med den nye tittelen, og låten vart seg sjølv – heldigvis.
«You Wreck Me» er mellom tretten Petty-tolkingar på albumet Runnin’ Down a Dream: A Tribute to Tom Petty, som er første utgåve av seks i serien Lu’s Jukebox, der Williams og bandet framfører låtar av andre artistar.
Konsertopptak
Det dreier seg om konsertopptak, laga i eit studio i Nashville i fjor haust, som ein kunne kjøpe billettar til og få med seg på direkten på nettet. Delar av inntektene går til mindre klubbar og konsertsalar som slit alvorleg under pandemien – det var jo nett slike stader som var så viktige for Williams sjølv då ho vaks fram som artist.
Med unntak av «Louisiana Rain», henta frå Damn the Torpedoes (1979), og «Down South» frå Highway Companion (2006), er alt låtmaterialet på Runnin’ Down a Dream henta frå 1980- og 1990-åra, med to låtar frå Southern Accents (1985), tre frå Full Moon Fever (1989), tre frå Wildflowers og ein frå Echo (1999). Williams løftar dessutan også fram «Gainesville», opphavleg skriven for Echo, men først utgitt for tre år sidan. Med er også ein låt ho har skrive til Petty, «Stolen Moments».
Det passar akkurat denne Petty-lyttaren godt, sjølv om det ikkje er vanskeleg å sjå at utvalet like godt kunne ha vore eit heilt anna. Williams maktar uansett å få fram at Petty var ein framifrå låtskrivar, ja, kanskje endå betre enn det mange trur. Det er ikkje lenge sidan Wildflowers kom ut i ei forseggjord nyutgåve, og då eg lytta til denne, fekk det meg til å leite fram både platene Williams dreg fram, og andre. Pettys katalog held seg godt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.