Løfta

Israel Nash har laga si beste plate så langt.

Publisert

Kvar sommar har si nye americanaplate, og i 2018 er det Lifted som har fått flest rundar i spelaren, eit ganske så suverent karrierehøgdepunkt for nordamerikanske Israel Nash.

Tittelen er alt anna enn tilfeldig, for Nash har store ambisjonar: Han ønskjer å løfte lyttaren, slik han sjølv vert løfta av å lytte til – og lage – musikk. Lifted har vorte ei melodisterk plate, nydeleg arrangert, i eit klassisk rockeuttrykk der steelgitarar, piano med romklang, strykarar og blåsarar får fylle rommet.

Både Barn Doors and Concrete Floors (2011) og Israel Nash’s Rain Plans (2013) har vorte omtala på desse sidene, album der Nash markerte seg som ein solid, tradisjonsmedviten låtskrivar. Her når han eit nytt nivå.

Lifted er laga i Plum Creek Sound, eit heimebygd studio ved huset til Nash på ein ranch i Texas. Der har han gjort lydopptak i heilt nære omgivnader, av froskar og grashopper, klukkande vatn og mangt anna, noko som gir denne plata ei heilt særeigen kjensle av å vere lokalisert i eit bestemt miljø. Til same tid tilfører det episke lydbiletet ei kjensle av den overveldande, opne himmelen over det texanske landskapet, noko uavslutta som kontrasterer fint mot det konkrete og det nære.

Jesse Chandler (Mercury Rev, Midlake) har arrangert, blåsarane er det musikarar frå Austin-bandet Grupo Fantasma som står for, og eit par av medlemmane i Wild Child har sørgt for strykarane. Med på produsentsida er Ted Young (Kurt Vile, The Rolling Stones). Det dreier seg om kvalitet i alle ledd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement