Ljos og mørker
Fauna vokalkvintett tryllar fram vedunderlege vinternattsbilete.
Jesusbarnet i stallen, slik italienaren Fra Angelico (ca. 1395–1455) såg det føre seg.
Fauna er ein kvinnevokalkvintett som sprang ut av songmiljøet på Noregs musikkhøgskule i 2009. Det spesielle klanglege uttrykket deira, som varierer frå stykke til stykke, kjem kan hende av at to av medlemane har jazzbakgrunn, medan dei tre andre er klassisk skolerte. På a capella-julealbumet Ljos er det «kontrasten mellom lys og mørke» dei vil syna. For å få dette til tek dei utgangspunkt i kjende og ukjende julesongar, som delvis er så omskrivne at ein lyt kjenna godt til teksten og den opphavlege melodien for å dra kjensel på dei.
Eit døme på dette er det siste sporet på plata, «Kling no klokka», som i Henning Sommerros omarbeiding har to hovudkjenneteikn: For det fyrste blir teksten broten opp slik at ordet «kling», sunge på gyngande treklangstonar, kimar som store og små kyrkjeklokker gjennom alle versa. For det andre gjev den for meg til no ukjende dur-melodien frå Surnadal salmen ein ljos og vonfull karakter, særs ulik den vanlege mørke moll-versjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.