Ljos og mørke
Helga Myhr søker mot meir kontemplative uttrykk.
Helga Myhr er kvedar og hardingfelespelar.
Pressefoto
Folkemusikk
Helga Myhr:
Natten veller seg ut
Motvind Records
Dette er den første soloplata til hardingfelespelaren og kvedaren Helga Myhr. Frå før vil mange kjenna henne frå Kvedarkvintetten. Men her står ho fram åleine, i veksling mellom finsleg framførte viser og religiøse folketonar og meir eksperimenterande instrumentalparti der ho, tydeleg inspirert av minimalisme og annan samtidsmusikk, byr på overtonebaserte klangflater og rytmiske slag mot gripebrettet. Dessutan syng ho samstundes som ho spelar fele. Ofte smeltar dette veldig godt saman, men av og til merkar ein at spelet spriker litt i forhold til stemninga i songtekstane. Men likevel: Det er oppløftande at nokon vidarefører denne framføringspraksisen.
Fornying
Ho er ikkje berre forvaltar av tradisjonell song, frå heimtraktene i Hallingdal, men representerer òg ein type fornying av slåttemusikken der mellom anna Nils Økland, Ole Henrik Moe, Erlend Apneseth, Anne Hytta, Rasmus Kjorstad og Hans P. Kjorstad har tilført mykje. Sistnemnde er òg mannen bak det relativt nystarta plateselskapet Motvind Records. Dei tidlegare utgjevingane har vore dominerte av improvisasjonsmusikk, noko som òg finst på denne plata. Men samstundes lovar selskapet nye utgjevingar i same lei, i og med at denne plata er den første i serien «Perspektiv på norsk folkemusikk no. 1».
Himmel og helvete
Medan mange av dei yngre folkemusikarane har søkt inspirasjon i nyare svenske, gjerne rytmisk orienterte samspelsformer og ulike typar populærmusikk, søker Helga Myhr seg mot dei meir kontemplative uttrykka innan folkemusikken. Særleg kjem dette til uttrykk gjennom dei religiøse folketonane med tekstar som spring ut av haugianismens verdsbilete, der helvetesangst og himmellengt er to sider av same sak. Kontrasten mellom ljos og mørke kjem òg til uttrykk musikalsk i samspelet og kontrastane mellom den klåre og avspente songstemma og det meir komplekse og tidvis intense felespelet.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.