Livet utan Judy

Andy Shauf inviterer oss med på bar.

Andy Shauf reindyrkar det ein kan kalle ein novellistisk impuls.
Andy Shauf reindyrkar det ein kan kalle ein novellistisk impuls.
Publisert

Kva gjer du når kvelden framføre deg verkar endelaus og tom, og alt du kan tenkje på, er Judy, som ikkje er hos deg lenger? Du ringer Charlie og spør om han vil treffast og ta nokre glas på The Neon Skyline, der Rose alltid veit kva du vil ha idet du kjem inn døra.

Slik slentrar The Neon Skyline seg i gang, den nye sjarmerande plata til kanadiske Andy Shauf. Det dreier seg om eit konseptalbum, for alle songane her sirklar inn det nye livet til forteljaren etter Judy, og alle dei både forventa og overraskande spørsmåla som melder seg i ein slik omveltande livssituasjon. Når det også viser seg at Judy er tilbake i byen, skapar det si eiga, underliggjande uro som utgjer ein slags narrativ motor på The Neon Skyline.

Observatør

Fire år har gått sidan Shauf gav ut The Party, som eg på desse sidene løfta fram som ambisiøst lommesymfonisk, for jammen om ikkje Shauf spela alle instrumenta sjølv. Eg var ikkje åleine om å høyre ekko frå 1970-åra og trekkje liner til Steely Dan, Randy Newman og Harry Nilsson. The Neon Skyline viser seg også å vere laga av Shauf åleine.

The Party er eit kløktig og originalt konseptalbum. Alle songane nærmar seg det som utspeler seg på ein fest i løpet av éin einaste kveld. Med dette utgangspunktet teikna Shauf nokre bilete av typiske opptrinn dei fleste vil kjenne frå festar dei har vore på, og av typar det er lett å kjenne att – som karen i «Early To The Party», som dukkar opp altfor tidleg. På The Party stig Shaufs forteljar fram mellom linene, slik den som ytrar noko om andre, til slutt også uunngåeleg fortel noko om seg sjølv.

Slik er det også på The Neon Skyline, som igjen gir røyst til observatøren som forteljar. Det er eit tydeleg slektskap mellom utgivingane. Også denne gongen held Shauf seg innanfor rammene av éin einaste kveld: Kjem Judy til å dukke opp?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement