Livet i skogane

Joan Shelleys naturlyriske songar har eit etisk alvor over seg.

Joan Shelly og sambuar Nathan Salsburg då dei spelte ein konsert på musikkscena Whelan’s i Dublin i 2017.
Joan Shelly og sambuar Nathan Salsburg då dei spelte ein konsert på musikkscena Whelan’s i Dublin i 2017.
Publisert

Det finst somrar med innestengde rom, «stuffy and stale», som det heiter i Joan Shelleys «Teal», men dei må vi jo bort frå, ut til vinden og bølgjene, slik vi får puste igjen.

Auge for det nære

Slik er i alle fall rådet frå songaren, på tredjesporet på det nye albumet hennar, passande titulert Like the River Loves the Sea. Fleire av låtane på plata nærmar seg, estetisk så vel som tematisk, naturlege omgivnader, det overveldande mylderet av liv og rørsle som ein kan oppleve på ein skogstur om ein berre opnar seg for det.

Og det gjer Shelley, som har skrive fleire av desse songane på små ekspedisjonar med gitaren ved huset sitt på landet i Kentucky. Der bur ho, der skriv ho, og det er ein livsstil som gir form til ein eigen sensibilitet, eit auge for det nære. Dette blikket får sitt tilsvar i uttrykket, som då Bonnie «Prince» Billy, som er med på eit par spor her, syng med på «Coming Down for You», og dei to røystene kveilar seg rundt kvarandre som om dei spring ut frå same kjelde.

Kor stadnære desse songane enn er, gjekk turen likevel til Island då Joan Shelley skulle spele inn materialet, for Like the River Loves the Sea vart til sjuande og sist til i Reykjavik, der Albert Finnbogason, som òg har fått med seg nokre islandske musikarar i studio, har stått for innspelinga. Andre viktige musikarar er James Elkington, som òg er med på produksjonssida og spelar ei rekkje instrument på albumet, og gitarist Nathan Salsburg, som Shelley lever saman med.

Finstemd

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement