Lever opp til forventningane
Uli Kempendorff går saumlaust inn i ei etablert eining.
Pianist Julia Hülsmann har med seg saksofonist Uli Kempendorff (t.v.), Heinrich Köbberling på trommer og Marc Muellbauer på bass.
Foto: Dorile Sermokas / ECM Records
Julia Hülsmann Trio er ein konstellasjon som har halde saman i over 17 år. No har dei fått selskap av den berlinbaserte tenorsaksofonisten Uli Kempendorff. Han har i dei seinaste åra delt seg mellom utøvande musikar og pedagog. Med trioplata Sooner And Later (ECM, 2017) og Kurt Weill-plata A Clear Midnight (ECM, 2015) saman med Theo Bleckmann har Hülsmann lagt lista høgt. Med Not Far From Here innfrir kvartetten. Kempendorff glir fint inn i ensemblet. Trioen har eit fleksibelt samspel, og med saksofonen uttrykkjer dei seg minst like leikent. Kempendorff spelar coolt også i ein stilistisk forstand med reinskorne, detaljrike linjer.
Bowie
Hülsmann har komponert fem av dei 13 låtane. Dei tre andre bandmedlemmene har bidrege med to kvar, og så har dei tolka Bowie, Metheny og Mays «This Is Not America» ganske fritt. Hülsmann avsluttar plata med ein variasjon av same låt.
Varemerke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.