Lettbeint og mørkt
Relling sameiner det lettbeinte med det ettertenksame.
Pop/Jazz
Relling:
Lower Your Guard
Harald Relling Nielsen, vokal; Vegard Lien Bjørkan, hammondorgel, synthar; Tore Hodneland, gitar, pedal steel; Åsmund Mattias Smidt, trommer; Ola Kvernberg, fiolin (7). ØRA FONOGRAM OF144
Relling tok seg til finalen i Jazzintro i fjor via kvalifisering på Vossa Jazz. Der imponerte dei juryen og tilhøyrarane med eit overraskande friskt og popifisert uttrykk som blei framført trygt, stilsikkert og fullt av sprudlande overskot. Alt dette som overtydde oss då, har dei teke med seg på debut-CD-en Lower Your Guard.
Eterisk vokal
Vokalisten og orkesterleiaren Harald Relling Nielsen har komponert sju av dei åtte låtane. «The Depth» er signert Smidt. Nielsen er inspirert av musikalkomponisttradisjonen Tin Pan Alley, men dreg også vekslar på den meir glattbarberte R&B-tradisjonen. Det må seiast at tekstane stundom er farleg nær å vera ei røys med klisjear, men oftast er truverdet intakt. Mange av temaa er langstrekte, mollstemte linjer oppå eit komplisert pulserande komp. Det eteriske vokaluttrykket er med på å forsterka kontrasten mellom melodilinje og komp, men bandet byggjer også opp lengre musikalske forløp der dei på effektivt vis utnyttar det dynamiske. Både tittelkuttet og «Hiding Space» er gode døme på dette. Her fortel bandet historier som er meir djuptpløyande og tankevekkande. Sistnemnde får ein ekstra dimensjon med innhoppet til Kvernberg på fiolin.
Kvernberg
Ola Kvernberg har elles gjort ein strålande innsats som produsent. Det leikne i uttrykket er der i fullt mon, men også den andre og mørkare sida ved Relling har sin naturlege plass. Relling er ein spesiell plante i den norske musikkfloraen. Unn deg å bli betre kjend med dette særmerkte bandet.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Laila Goody, Maria Ómarsdóttir Austgulen, Trond Espen Seim og John Emil Jørgenrud i nachspielet frå helvete som stykket til Edward Albee blir kalla.
Foto: Erika Hebbert
Sterkt om livsløgn og overleving
Gode skodespelarprestasjonar i intens kamp på liv og død.
Den nye statsministeren i Frankrike, Michel Barnier, blir klappa inn av den utgåande, Gabriel Attal, i ein seremoni på Hôtel Matignon i Paris 5. september.
Foto: Stephane De Sakutin / Reuters / NTB
Ny statsminister med gjeld, utan budsjett
No lyt alt skje raskt i fransk politikk for å avverje nye kriser.
Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl på veg til pressetreffet om motarbeiding av kriminalitet. Også statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum deltok.
Foto: Thomas Fure / NTB
– No ser me effekten av færre politifolk
Det er mykje regjeringa kunne gjort som dei ikkje har gjort. Me er ikkje imponerte, seier Helge André Njåstad (FrP).
Den oppdaterte boka om rettens ironi er ei samling av tekstar frå Rune Slagstad gjennom førti år.
Foto: André Johansen / Pax Forlag
Jussen som styringsverktøy
Rettens ironi, no i fjerde og utvida utgåve, har for lengst blitt ein klassikar i norsk idé- og rettshistorie.
Finn Olstad har doktorgrad i historie og er tidlegare professor ved Seksjon for kultur og samfunn ved Noregs idrettshøgskule.
Foto: Edvard Thorup
Det nye klassesamfunnet
Finn Olstads nye bok er eit lettlese innspel til ei sårt tiltrengd innsikt i skilnaden mellom fakta og ideologi.