Lettbeint og fengjande
Thomas Fonnesbæk og Morten Lund bidreg sterkt til eit vellukka album frå Nicolai Majland.
Easy listening kling odiøst i jazzkrinsar, like odiøst som trekkspeljazz og Kenny G, men det er ikkje til å koma forbi at mykje jazz som har eit udiskutabelt kvalitetsstempel, er lett å lika frå byrjinga.
Dette var det enkle resonnementet som melde seg ved første gjennomhøyring av den danske pianisten Nicolai Majlands ferske utgjeving Welcome.
Musikken kan kategoriserast som melodiøs mainstream med Bill Evans og Keith Jarrett som tydelege inspirasjonskjelder. Av aktive nordiske jazztrioar kan dei minna om Espen Eriksen Trio, spesielt når dei er på det mest lyriske og melodiøse, men i raskare tempo, mellom anna i «Off Road Blues», er den amerikanske slektskapen tydelegare.
Majland, som gav ut den førre plata si, Leaving and Believing, i 2015 med popsongar som «Alfie» og «Fool on the Hill», serverer her ti originalkomposisjonar. Det gjer det heile meir interessant. Fleirtalet av låtane er melodiøse, harmonisk enkle og i medium tempo. Trioen har kome skikkeleg på innsida av komposisjonane og har jobba mykje med arrangementa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.