Leikande og medrivande

Play What They Want byr på fem friske spor frå Man Forever med vener.

Man Forever alias John Colpitts.
Man Forever alias John Colpitts.
Publisert

Det er ikkje så ofte vi omtalar plater der ein trommis står i sentrum, men når John Colpitts byr på fem nye låtar under artistnamnet Man Forever, på den passande ironisk titulerte Play What They Want, lèt vi ikkje sjansen gå frå oss.

Sjangerforvirring

Men først eit aldri så lite hjartesukk. For eit slit det kan vere å måtte stille med ei sjangernemning til musikkmeldingar! Sjeldan er det verre enn med tilfellet Man Forever: Ein sentral impuls for Colpitts er nett å fri seg frå kategoriane og orientere seg mot eit musikalsk uttrykk som er grunnleggande eklektisk. På Play What They Want mobiliserer han si eiga breie og svært så varierte erfaring frå eit kvart hundreår som viktig aktør i New Yorks musikkliv, anten det no er i samtidsmusikken, den improviserte musikken eller i rocken, og i eit uttrykk som heile tida er i rørsle, og som peiker i fleire sjangerretningar til same tid.

Rytmen står sentralt

Likevel er noko sams for dei fem eventyrlege spora på Play What They Want. Rytmen står naturleg nok sentralt, og musikarane er gjennomgåande framifrå, med eit mannskap som rommar Phil Manley (Trans Am), Mary Lattimore, harpisten Brandee Younger, bassist Brandon Lopez, pianist Sam Yulsman, Ben Lanz (Beirut, The National, Sufjan Stevens) og Quince Contemporary Vocal Ensemble.

Colpitts står i det heile fram som litt av ein musikalsk leiar, ikkje minst i eigenskap av valet av dei sentrale samarbeidspartnarane som kvar og ein er med på å definere spora sine på Play What They Want.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement