Musikk
Legendarisk konsertopptak
Denne trioen har redefinert standardtolkinga.
Den første plata med konstellasjonen som berre går under namnet standardtrioen, kom i 1983. Seinare har det blitt 21 fleire utgjevingar – dei fleste konsertopptak. Høge forventningar kan ein tillata seg å ha til kvar ny utgjeving, fordi dei mest alltid greier å gjera kvar tolking til ei unik musikkoppleving. Dei fleste komposisjonane her er gjeve ut før, men tolkingane kan til tider vera radikalt forskjellige.
Materialet her er henta frå ein konsert i New Jersey Performing Arts Center i november 1998. Etter nokre solokonsertar i Italia hausten 1996 (dokumentert på A Multitude of Angels) tvinga sjukdomen kronisk trøyttleikssyndrom Jarrett til eit par års konsertpause. Her er han attende i full vigør. Aller friskast kjem dette til uttrykk i Parkers «Scrapple from The Apple», der Jarrett fyrer laus slik at nemninga venstrehandsarbeid blir eit kompliment. Det DeJohnette gjer på cymbalar, vitnar om at kommunikasjonen ikkje lid under pausen på to år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.