Lærd skjemt
Di fleire paukar, di betre, tenkte virtuosen Georg Druschetzky.
Standard-
innspelinga
Om du lurer på korleis god ensembleklang høyrest ut, så lytt til det nye albumet til Grundmann-Quartett, der dei spelar obokvartettar. Heile ensemblet læt som éin klangkropp, samstundes som det karakteristiske ved einskildinstrumenta kjem fint fram.
I høve til strykeinstrumenta (fiolin, bratsj og cello) skil det viktigaste instrumentet i konstellasjonen, oboen, seg mest ut, for som «den fyrste mellom likemenn» presenterer han dei musikalske temaa. Instrumentet oboisten Eduard Wesly her spelar på, er elles så spesielt at det har gjeve ensemblet namn: Oboen hans er frå 1790, laga av treblåsinstrumentbyggjaren Jakob Friedrich Grundmann frå Dresden.
Melodiske paukar
Repertoaret er interessant, for kven har i dag høyrt gjete Georg Druschetzky, eller Jirí Družeck?, som denne tsjekkaren eigentleg heitte? Etter å ha leita grundig i CD-hylla mi, kom eg på at eg hadde høyrt namnet før, i samband med eit av dei mest outrerte orkesterverka frå den klassiske perioden, nemleg Concerto per sei timpani e orchestra. Denne konserten, for seks paukar og orkester, blei spelt inn med Dresden Filharmoniske Kammerorkester i 2005. Dirigent var den kyndige paukespelaren Alexander Peters, som gjekk til kjeldene og studerte instrumenta og spelestilen frå 1700-talet. Difor nytta han paukar med geiteskinn som er stemde i mange ulike tonehøgder, slik at ein kan spela melodiar på dei. Når det gjeld spelestilen, improviserer Peters fleire av solopartia – paukekomponistane spelte sjølv solostemma den gongen, difor trong dei ikkje å skriva alle notane i partituret.
Korleis kling så Druschetzkys paukekonsert? Eksposisjonen er eit standard wienerklassisk orkesterforspel. I den fyrste paukesoloen tek det si tid å venja seg til paukeklangen; det å høyra at dei seks ulike trommene er stemde på ulike tonar, krev godt gehør. Alt i alt dominerer det rytmiske over det melodiske, og Peters får til ein fin sving utetter i stykket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.