Musikk
Lågmælt og intimt
Feels Like Home har originalt repertoar og fine arrangement.
Inger Marie Gundersen frå Arendal er ute med si femte utgjeving på danske Stunt. Repertoaret er henta frå eit breitt spekter av sjangrar. Tittellåten er skriven av Randy Newman, og ein finn elles Cropper og Reddings «(Sittin’ on) The Dock of The Bay» og John Fogertys «Long as I Can See The Light».
Gundersen har lagt ned mykje arbeid og omtanke i val av repertoar. Låtane kler stemma hennar – lytt til tittellåten, og du vil forstå – og står godt til kvarandre. Arrangementa er med å pusta nytt liv i gamle travarar. I den nemnde Otis Redding-klassikaren låner ho eit arrangementsgrep som Cassandra Wilson nytta med stort hell i «Last Train to Clarkesville». Også Gundersen – og pianisten hennar gjennom mange år, Oscar Jansen – har endra det harmoniske underlaget og melodistemma, slik at den gamle klassikaren blir om mogeleg endå meir «blå» og utrøysteleg. Aaserød, som også er produsent, har med skarpt blikk for detaljane makta å skapa ein balansert heilskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.