Musikk
Kvintett med mykje på hjartet
Komponisten Thomas Strønen trer inn i rampeljoset
Jazz/samtids-musikk
Thomas Strønen er aktiv på mange musikalske frontar, men den andre plata til konstellasjonen Time Is A Blind Guide (som elles er første setninga i romanen til canadiske Anne Michaels Fugetive Pieces som kom i 1997), tyder på at han investerer mykje i dette bandet.
Komponist
Ti av elleve komposisjonar er signerte Strønen, og han har fått eit godt grep om komponeringa. Han får rett og slett utruleg mykje ut av det spesielle kvintettformatet. I høve til debutplata er dei musikalske ideane tydlegare og meir omarbeidde. Dei tre strykarane er i seg sjølv ein imponerande klangpalett, men i samspelet med Tanaka og Strønen oppstår magien. Den japanske pianisten Ayumi Tanaka, som har vore busett i Noreg sidan 2011, har teke over i bandet etter den langt meir kjende og meritterte Kit Downs. Det har faktisk vore eit lykketreff av ei endring. Tanaka har ei lyttande tilnærming som musikken profitterer stort på.
Sareptakrukke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.