Kvilepuls i Windsor

The Choir of St George’s Chapel syng julemusikk med erkeengelsk eleganse.

St. George’s Chapel (t.v.) i Windsor Castle måla av Joseph Nash kring 1846.
St. George’s Chapel (t.v.) i Windsor Castle måla av Joseph Nash kring 1846.

CD

William Byrd, mfl.:

Christmas at St. George’s Windsor

The Choir of St George’s Chapel; Luke Bond, orgel; dir.: James Vivian. Hyperion 2019

The Choir of St George’s Chapels jule-CD er tredelt, med adventsmusikk, musikk for sjølve julefeiringa og stykke skrivne til epifaniafesten, den me kallar trettande dag jul. Albumet er skifterikt, med både ny og gamal musikk. Men sentralt i kvar av dei tre bolkane står høvesvis eitt korverk av William Byrd (kring 1540­–1623), Englands største kyrkjekomponist i den elisabethanske tida.

Sjølv om han arbeidde ved eit protestantisk hoff, var Byrd sjølv katolikk – det var vel den sams høgkyrkjelege tonen i både katolsk og anglikansk musikk som gjorde dette mogleg. Og solid høgkyrkjeleg og tradisjonsbunde er òg inntrykket ein får av koret på CD-en, som held til i St George’s Chapel i Windsor Castle.

Aldri hektisk

Georgskapellets kor går attende til 1349. Det har berre mannlege medlemer og læt erkeengelsk. Klangen er vedunderleg balansert, heilt utan vibrato i toppstemmene og med ein lette og eit friksjonslaust driv som skil seg frå tilsvarande kontinentale kor. (Thomaskoret i Leipzig, til dømes, er meir «topptungt», med ein kraftigare sopranseksjon.)

Kvalitetane kjem til uttrykk i det andre sporet på plata, i Byrds «Virgilate», som dei syng i temmeleg høgt tempo, men utan at det kling hektisk. Dette har å gjere med måten dei held fast på den rolege grunnpulsen på; med kring eitt slag i sekundet ligg han den menneskelege kvilepulsen nær. Dei raske, ornamentale tonerekkjene Byrd prydar melodiane sine med, blir sungne så friksjonsfritt at det aldri skakar grunnpulsen.

Elisabeths spionar

«Virgilate» er henta frå motettsamlinga Cantiones Sacrae (1589), der Byrd toneset eit åtvarande parti frå Markusevangeliets trettande kapittel: «Så vak då! For de veit ikkje kva tid husherren kjem, anten det er om kvelden, midt på natta, når hanen gjel, eller når dagen renn. Lat han ikkje finna dykk sovande når han brått kjem.» Teksten gav Byrd høve til å demonstrera heile uttrykksregisteret sitt. For sjølv om grunnsubstansen i musikken er halden i «abstrakt» polyfon renessansestil, blandar han inn effektar frå den verdslege kormusikken me kallar madrigalar, der tonane uttrykkjer handlinga i teksten. Me merkar dette i det hastig stigande motivet der hanen gjel, eller der det er tale om svevnen, og musikken for ei kort stund døyr ut med lange, svake tonar.

Den godt skrivne omslagsteksten gjer oss merksame på slik ting og kveiker fantasien: Valde Byrd bibeltekstar som dette for å uttrykkja uvissa forfylgde katolikkar opplevde under dronning Elisabeth 1s protestantiske regime, nervøse som dei var for angivarar og spionar?