Kvervande tanke

Kristian Bezuidenhout syner klassisisten Haydns romantiske side.

Publisert

Han er interessant, måten den dyktige sørafrikanske pianisten Kristian Bezuidenhout nærmar seg austerrikaren Joseph Haydn på. Bezuidenhout freistar å skjøna Haydn som klaverimprovisator og framhevar det leikande og endeframme ved klaververka hans. Mange – inkludert meg – tenderer nok til å sjå føre seg Haydn som ein komponist prega av disiplin, åndrik konstruksjon og evne til å skapa perfekte, mønstergyldige musikalske former.

Men dette er berre halve sanninga. For vel bidrog han meir enn nokon annan til å etablera det formale ved skulen i musikken me kallar wienerklassisismen, den som Mozart og Beethoven blei fødd inn. Men det spontane låg alltid til grunn for Haydn, noko diplomaten og Haydn-venen Georg August von Griesinger (1769–1845) skildrar i dei biografiske skissene sine om komponisten. Her hevdar han at «Haydn alltid dikta verka sine framføre klaveret» og siterer komponisten: «Eg sette meg [til klaveret] og byrja å improvisera. Fanga eg opp ein idé, så nytta eg heile mi kraft på å stø og utvikla ideane etter kunstens reglar.»

Draum og lengt

Kva stykke har Bezuidenhout valt ut for å få fram poenget sitt? Eit godt døme er fyrstesatsen «Andante con espressione» frå Sonate i C-dur (1789), Hob. XVI:48. Med von Griesingers Haydn-sitat i bakhovudet får satsen ein spesiell dåm, for det er som å høyra Haydn improvisera i einsemd ved klaveret i komposisjonsfasen der det gjeld å finna dei musikalske ideane. Satsen har ikkje to kontrasterande tema, slik den klassiske sonatesatsforma krev, men eitt. Og er dette eine i det heile eit skikkeleg tema?

Det kan diskuterast. Eg oppfattar det meir som ein flyktig harmonisk tanke, ein tanke som ikkje blir tenkt til endes, men stadig dukkar opp igjen, slik ein kjenner det frå kvardagen når ein går og putlar med noko åleine og ikkje greier å få ein fiks idé ut or hovudet. Tanken kjem stadig att, kvar gong i noko brigda form. Bezuidenhouts framføring overtyder, for han tøyer og bøyer på fraseringa og får fram det drøymande.

Eit anna stykke på plata som syner det fantaserande aspektet ved Haydns klavermusikk, denne gongen med meir virtuositet, er variasjonane hans over temaet «Gott erhalte Franz, den Kaiser» (1797), Hob. I, 430. Denne «keisarhymnen», som opphavleg blei skriven for strykekvartett og er Haydns mest kjende melodi, har blitt nytta mange gonger sidan. Eit døme er Tysklands nasjonalsong Deutschlandlied, den som byrjar med orda «Deutschland, Deutschland über alles», men som ein i dag, etter andre verdskrigen, berre syng siste strofe av, «Einigkeit und Recht und Freiheit».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement