Kvartett med mykje på hjartet

Samspelet er av den ekstraordinære sorten.

Trygve Waldemar Fiske har komponert sju av åtte låtar på albumet.
Trygve Waldemar Fiske har komponert sju av åtte låtar på albumet.
Publisert

Kvartetten er eit resultat av at Trygve Waldemar Fiske fekk i oppdrag å halda såkalla jazzstipendiatkonsert på Moldejazz i 2014. Debutplata Waldemar 4 kom i 2015. Denne plata blei gjeven ut i vinter, men Posten har byrja pedagogisk verksemd i beste Jean-Jacques Rosseau-ånd og kome til at postsendingar merka «5700 Voss» er altfor upresist. Først då eg kontakta plateselskapet og gjorde merksam på at postnummeret er 5704, kom plata fram.

Organisk heilskap

Plata er uansett så god at ho fortener å bli lagt merke til. Både i stil og uttrykk følgjer The Buoy And The Sea debutplata, men tema og improvisasjon er denne gongen i sterkare grad ein organisk heilskap. Samspelet er utvikla og er ei utømmeleg kjelde til gledeleg overrasking.

Fiske har komponert sju av åtte låtar. Han har skrive eit par balladar som kjem til å ha eit liv utover denne plata. Tittelkuttet har særmerke som gjer at temaet festar seg med ein gong. Heilt ulik, men like fasinerande er «Dolphine», som har ein komposisjon-i-komposisjonen-intro av Roligheten og Wiik. Sistnemnde har på tinging skrive «Funambulistics», som tilfører plata både temperament, humor og skarpe kantar og understrekar den sentrale rolla aksen Wiik og Roligheten har i denne utgjevinga.

Tileigna Peacock

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement