Kuriøse samlingar

Korleis klang den nederlandske orkestermusikken på Vivaldi, Bach og Händels tid?

Korenbeurs (kornbørsen) i Amsterdam med Oude Kerks kyrkjetårn i bakgrunnen. Kolorert koparstikk frå midten av 1700-talet.
Korenbeurs (kornbørsen) i Amsterdam med Oude Kerks kyrkjetårn i bakgrunnen. Kolorert koparstikk frå midten av 1700-talet.
Publisert

Ingen av dei fire CD-ane me skal ta føre oss her, er nye. Ny er derimot samanstillinga til eit tematisk samanhengande album som gjev innblikk i den nederlandske orkestermusikken på 1700-talet. Komponistane har nok dei færraste høyrt om.

Sjølv om dei kan plasserast trygt i den seinbarokke tradisjonen, er musikken deira stundom påfallande særmerkt. Dette har ikkje med ein spesiell «nederlandsk stil» å gjera, men med dei stilistiske særtrekka ved einskildkomponistane. Slik «personalstil» får dei to ensembla på platene, Combattimento Consort og Musica Ad Rhenum, godt fram. Spelet deira er teknisk lytefritt, og særleg dei snøgge satsane uttrykkjer fengjande entusiasme.

Musikklivet

Republikken Dei sameinte Nederlanda var på 1700-talet eit av dei rikaste landa i Europa. Amsterdam verka som ein magnet på omreisande musikarar – her fekk dei spelt offentlege konsertar og trykt verka sine i den blømande musikkforlagsbransjen. Men sjølv om musikklivet var rikt, avla nederlendarane overraskande få eigne komponistar av rang, noko som kan ha med konfesjonen deira å gjera. I katolske land tilførte kyrkja samfunnet ein jamn straum av musikalsk velutdanna korgutar, og i lutherske land fekk borna grundig musikkopplæring i skulen.

I den reformerte nederlandske kyrkja, derimot, spelte ikkje kyrkjemusikken den same rolla – i gudstenesta var det anten rein salmesong eller rein orgelmusikk. Kan hende førte dette til at færre unge talent blei oppdaga? Når institusjonane mangla, var det uansett vanskeleg å gå i lære som musikar. Konservatoria kom ikkje før på 1800-talet.

Combattimento Consort

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement