Krystallsjøen kallar
Frisk gjenbruk frå Grandaddy og Lambchop.
Jason Lytle skulle spele inn albumet i studio, men enda opp med å gjere det heime.
Foto: Jason Lytle.com
Rock
«Should never have left the crystal lake», syng Jason Lytle (f. 1969) i «The Crystal Lake», ein song der vår mann har gjort minst eit par dårlege val og no finn seg sjølv på feil plass, til feil tid, på ein stad der «trees are fake and dogs are dead with broken hearts, collapsing by the coffee carts».
Somme vil kjenne «The Crystal Lake» frå Grandaddy-plata The Sophtware Slump (2000), som Lytle i 2020 framfører på nytt, i sin heilskap, åleine ved eit gammalt piano. Innspelinga inngår i ein jubileumsboks som kjem på nyåret, men er tilgjengeleg digitalt om nokre dagar.
Framandgjering
Det høyrest annleis ut enn det gjorde for to tiår sidan, då Grandaddy med ein eigen americana som var dusja i synthar, teikna eit bilete av samfunnskollaps, med nasjonalparkar forsøpla av øydelagde mikrobølgjeomnar og kjøleskåp som husa froskar og ugler. «Stream banks are lined with vacuum bags», song Lytle, og når han syng desse songane igjen i dag, åleine ved pianoet, er det som om han sit der i parken, i ei slags realisert utgåve av det dystopiske universet på The Sophtware Slump, som også baud på det triste, men ugløymelege møtet med roboten Jed, som drakk seg sjølv til døde.
Utarming av naturressursar og menneske som er framandgjorde av ny teknologi, er eit nøkkeltema på plata. Meir enn éin gong har Lytle snakka om at om ein ribbar «The Crystal Lake» for alt, og skjelettet er att, finn ein ei urtypisk forteljing om einsemd, framandgjering og anger som er klassisk i countrymusikken. I 2020-utgåve er songen også ei påminning om dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.