Kreative Gjørvad
Kvartetten til Sverre Gjørvad har mykje meir inne.
Sverre Gjørvad har komponert seks av åtte spor på det nye albumet.
Foto: Andreas Fliflet
Sverre Gjørvad blei kjend for det norske jazzpublikummet på 1990-talet gjennom banda Storytellers og Dingobats. Seinare har han gjeve ut plater i eige namn, Denne lille pytten er et hav (2001) og Patience For The Little Things (2011). Gjørvad har sidan 2006 hatt base i Hammerfest som produsent ved Arktisk kultursenter og som frilansmusikar.
Nydeleg «Langt igjen»
Her har han alliert seg med tre Tromsø-musikarar og spelt inn åtte låtar. Av dei har han sjølv har signert seks. I tillegg har dei ei fin tolking av Harrisons «Here Comes The Sun» og Geggen Maunos nydelege «Langt igjen».
Som komponist er Gjørvad leiken på Zappa-vis og dyrkar kontrastar, såleis er ikkje låtane det mest opplagde utgangspunktet for improvisasjon, noko det heller ikkje er stort av på plata. Likevel viser ensemblet eit lydhøyrt samspel som gjev maksimalt ut av låtmaterialet.
Samstundes må ein leggja til at høgdepunktet er «Halvor», der Gjørvad spelar duett med seg sjølv på xylofon. Humor er eit anna verkemiddel Gjørvad ikkje kvir seg for å ta i bruk. «Do The Math!» og «Tinkle» er framifrå døme. I sistnemnde viser trommeslagaren Gjørvad affiniteten sin for trommelegenda Tony Williams.
Fleire plater
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.