Kreativ friksjon
Den sjuande studioplata til The National verken overraskar eller skuffar.
Det nye albumet til The National kjem ut i dag.
«Møt meg i trappa om litt». Slik læt invitasjonen nokre sekund ute i «Nobody Else Will Be There», pianoballaden som har fått opne den nye plata frå The National.
Det er der vokalist Matt Berninger ofte plasserer karakterane i songane sine: i ei trapp, i ein gang, i ei t-banevogn. Dei går i sirklar i eit urbant landskap, og noko er gjerne ikkje heilt som det skal vere. «Eg har alltid skrive om dei same greiene», sa Berninger nyleg i eit intervju i musikkbladet Uncut: «Alt eg vil ha, og alt eg er redd for å miste.» Han er ein nattas songpoet, og ein kresen av slaget, med ein viktig, kritisk rådgivar i ektefellen Carin Besser, tidlegare skjønnlitterær redaktør i The New Yorker.
Hakket betre
Sleep Well Beast er det sjuande studioalbumet frå The National, og det er hakket betre enn Trouble Will Find Me (2013) og nesten på høgde med karrierehøgdepunktet High Violet (2010). Uttrykket er slik vi kjenner det frå desse to platene: elegant, melodisk rockemusikk med ein melankolsk grunntone, utan at det vert for sippete. Komposisjonane er nynneverdige, men samansette, arrangementa er smarte utan å verte snirklete, og Berninger kan vere både underfundig, lakonisk og gåtefull, stort sett utan å verte for kryptisk.
Når The National er så tette at dei kan minne om ein familie, er det fordi dei er nett det. I tillegg til Berninger består bandet av to par brør, og alle fem har vakse opp i Cincinatti. Tvillingane Aaron og Bryce Dessner spelar begge eit utal instrument, og sistnemnde har gitarstudiar ved Yale bak seg og brukar delar av tida si på å komponere symfoniske verk. Bandet kom saman i New York, der Berninger tok til å spele saman med Scott Devendorf (bassgitar), som han budde saman med. Scott fekk med bror Bryan (trommer), som deretter henta inn Dessner-brørne.
På sitt beste
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.