Kraftsentrumet Mavis Staples
Mavis Staples og Jeff Tweedy har laga Trump-periodens sterkaste protestalbum så langt.
Mavis Staples byr på rå vokal til Jeff Tweedys gitar.
Pressefoto
Americana
Mavis
Staples:
If All I Was Was Black
Anti-/Playground
Her er If All I Was Was Black, eit album som dirrar av uro, engasjement og livsglød, frå 78 år gamle Mavis Staples – ei av dette plateårets mest vitale utgivingar, ei hardtslåande samling songar som uunngåeleg er ein spissa politisk kommentar og ei oppmoding om å verdsetje det menneskelege i oss sjølve og kvarandre.
Sjeldan høyrer ein eit album så poengtert i samspelet mellom ord og tone. «Try Harder» er ein orkan av fortviling og sinne, med ein raspa og rå vokal frå Staples, og ein gitar som læt både rufsete og vilter i hendene til Jeff Tweedy. Heile rommet vert stille når songen munnar ut.
Utvitydig kommentar
Det er tredje gongen Tweedy stiller som produsent, musikar og komponist på ei Mavis Staples-plate, men på If All I Was Was Black har han skrive og komponert alt. Staples og Tweedy ønskte å gå krast og uredd inn i si eiga tid, dei ville levere ein utvitydig kommentar til Trumps visjon for kva USA er og skal vere.
Staples’ første møte med Wilco-sjef Tweedy er skildra fint i musikkskribent Greg Kots bok I’ll Take You There: Mavis Staples, the Staple Singers, and the Music That Shaped the Civil Rights Era (2014). Begge bur i Chicago og hadde i 2008 ein avtale om å treffest på ein restaurant ikkje langt frå heimen til Staples for å vurdere eit samarbeid.
Tweedy punkterte på vegen og vart kraftig forsinka. Sveitt og forfjamsa, og ute av seg av nervøsitet, kom rockestjerna med ei lang rekke unnskyldningar til «Ms. Staples», og det heile enda i ein tre timar lang samtale der dei to kom tett på kvarandre.
I 2010 bar samarbeidet frukter med You Are Not Alone, ei utgiving som vil stå som eit sentralt merke i Staples’ platekarriere, og som på mange måtar peikar fram mot If All I Was Was Black. Det nye albumet står som eit vitnesbyrd over eit afroamerikansk USA som i aukande grad er skuffa over Obama, desillusjonert av Trump og plaga av ein situasjon som liknar meir på tilbakesteg enn status quo.
Vulkansk gitararbeid
Med «Peaceful Dream» har Tweedy skrive ein song som kunne ha høyrt til i repertoaret til The Staples Singers. Plassert midtvegs på dette albumet utgjer låten eit udiskutabelt omdreiingspunkt, ei oppmoding til alle medmenneske om å mobilisere det som er anstendig i oss.
Andre stader – og dei er det mange av – er sinnet ikkje til å ta feil av på den så treffande titulerte If All I Was Was Black. Der har Tweedy tillate seg å sleppe seg laus i eit tidvis vulkansk gitararbeid, og godt er det. Røysta til Mavis Staples er så sterk og ruvande at ho toler markant selskap.
Staples har varma opp publikum for Bob Dylan – som ifølgje anekdotane ein gong fridde til henne – på turné denne hausten, og rykta fortel at det vart såpass heitt i første akt at det vart vanskeleg å halde oppe temperaturen i andre. Om det sparkar frå seg som på If All I Was Was Black når Staples står på scenen, er det alt anna enn overraskande.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.