Kraftkoralar
Lina Johnson og Arnfinn Tobiassen syner oss den mangslungne kyrkjemusikaren Johan Kvandal.
Johan Kvandal (1919–1999) var ein av dei viktigaste norske komponistane på 1900-talet.
Foto: Ukjend
Lytt til artikkelen:
J.S. Bachs store orgelverk sviv alltid i brakgrunnen for ein orgelkomponist. Dette er tydeleg i kraftsalven av eit koralforspel som Johan Kvandal komponerte til salmen «Ljoset yver landet dagna» i 1956. Salmen, som Bernt Støylen attdikta i 1926, byggjer på den latinske sekvensen (lovsongen) Lux illuxit laetabunda, som truleg blei skriven av erkebiskop Eirik Ivarsson kring 1200. Både ord og tonar kan førast attende til olsokfeiringa i Nidaros i mellomalderen.
Kvandal handsamar her salmemelodien på interessant vis. Me lyt venta litt før den sigerssikre mellomaldermelodien kjem i si fulle, arkaisk-strenge form i orgelpedalstemma. Han blir nemleg førebudd og seinare kommentert av dei kvervlande melodiske figurane i manualstemmene (tangentane). Komponisten greier slik å fanga både mellomalderens eige uttrykk og den moderne førestillinga vår av stordomstida i mellomalderen. Det heile blir samla i den kompliserte polyfone forma Bach skapte kompositorisk gullstandard for på 1700-talet.
God teknikk
Dette koralforspelet er det instrumentale høgdepunktet på Kvandal-albumet som sopranen Lina Johnson og organisten Arnfinn Tobiassen har spelt inn i Vår Frelsers kirke i Haugesund. Tobiassen, som er kantor i Olavskyrkja på Avaldsnes på Karmøy, held høgt teknisk nivå. Ingen ting tykkjest tilfeldig, korkje når det gjeld artikulasjon eller frasering. Han tek omsyn til akustikken i kyrkja, for det er akkurat nok «luft» mellom akkordskifta til at tonane strøymer fritt, utan å gli for mykje over i kvarandre.
Fokemusikalsk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.