Kraftfullt felespel
Spelet til Kviven Duo er prega av presisjon og kraft, samstundes som det kjennest avspent og leikande.
Folkemusikk
Kviven duo:
Kvakksalvar-Guri
Kviven Records
Kviven er eit fjell mellom Hornindal i Nordfjord og Austefjorden, sør for Volda. Felespelarane Jorun Marie Kvernberg og Brit Pernille Frøholm nyttar tunnelen som fører E39 gjennom fjellet, som utgangspunkt for å plassera det musikalske samarbeidet: «Holet i fjellet Kviven, og gjennomboringa av mindre fjell, gav moglegheiter for samkvem, og samarbeid og ikkje minst samspel mellom dei to bygdene».
I vår tid handlar ikkje dette så mykje om praktiske tilhøve som hindrar eller opnar for musikalsk samarbeid, men meir om identitetsbygging. Kvernberg (f. 1979) og Frøholm (f. 1978) er nå veletablerte folkemusikarar som i årevis har hatt tilgang til all verdas musikalske ressursar og turnert i inn- og utland. Dessutan: Byen Oslo har lenge vore den viktigaste møtestaden for yngre norske folkemusikarar. Likevel vel dei å nytta dei gamle fjella og fjordane som musikalske identitetsmarkørar.
Og det er tradisjonsmusikk for vanleg fele og hardingfele frå heimtraktene som er utgangspunktet for dei 16 spora på plata. Men alle er arrangerte – for det meste tostemt – av utøvarane, truleg med gode innspel frå samtidskomponisten Therese Birkelund Ulvo, som har produsert plata.
I det omfattande tekstheftet vert det lagt vekt på å presentere små soger og anekdotar om dei levande personane som ein gong laga eller spelte slåttane. Men dette er lesestoff, meir enn noko ein kan høyra seg til. Dei aller fleste slåttane er spenstige danseslåttar like mykje som konsert- eller platemusikk.
Dette er ein produksjon som kan opplevast med stort utbyte anten ein er oppteken av teknisk godt spel, historieformidling eller funksjonell dansemusikk.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.