Kraft og raffinement
Domorganisten ved Stefansdomen i Wien presenterer sitt nye gigantorgel.
I Stefansdomen i Wien er eit av vår tids største orgelprosjekt fullført.
Foto: Sjur Haga Bringeland
Lytt til artikkelen:
CD
J.S. Bach, Elgar, Karg-Elert, Lefébure-Wély, Williams:
The New Organ
Konstantin Reymaier, orgel. Deutsche Grammophon 2020
Domorganist og prest ved Wiens domkyrkje St. Stephan, Konstantin Reymaier, legg ikkje skjul på kor vanskeleg akustikken i kyrkja er: Porøse sandsteinflater og rikt skulpturerte søyler «svelger» unna lyden, og fyllest ho med folk, blir etterklangen meir som i ei stove enn i ein katedral. I tillegg skuggar skogen av pilarar og bogar for lyden – ei orgelpipe som mest blæs deg over ende på orgelgalleriet bak i kyrkja, kling mjukt og fint lenger framme mot koret.
Eitt av dei største europeiske orgelprosjekta i vår tid var endeleg over i oktober, då det nye gigantorgelet i Wien blei vigsla. Resultatet er eit uvanleg allsidig instrument som skal duga innan dei fleste musikkstilar. Nettopp dette er det Reymaier freistar å syna med CD-en sin: at eit slikt orgel fungerer til alt frå kantatesatsar av Johann Sebastian Bach (1685–1750) til – hald deg fast – John Williams’ (fødd 1932) Star Wars-filmmusikk.
Vakker tyngd
Albumet opnar tradisjonelt med Bachs mest kjende orgelverk, Toccata og fuge i d-moll, BWV 565. Trillene og dei raske tonerekkjene i byrjinga av toccataen skjer som knivar gjennom kyrkjerommet, og timinga av pausane mellom dei melodiske motiva sit perfekt i høve til etterklangen i rommet. Det er ei vakker tyngd over fugen. Sjølv om dei jamne sekstendelsnotane i fugetemaet går som ein eviggangsmaskin, tøyer og bøyer Reymaier frasane såpass at me oppfattar skilnaden mellom det melodisk substansielle og det ornamentale garnityret. Tolkinga overtyder, altså, sjølv om eg føretrekkjer denne musikken spelt på eit ekte barokkorgel.
Star Wars
Kantatesatsane, som Reymaier sjølv har skrive om frå orkester og kor til orgelmanual og -pedal, får fram dei symfoniske kvalitetane til Stefansdomen-orgelet. Spesielt godt likar eg Edward Elgars (1857–1934) britisk-pompøse Orgelsonate i G-dur, op. 28, då særleg den underleg dulde andresatsen «Allegretto», som etter stemninga å døma kunne vore frå ein ubåtfilm.
Kva så med Star Wars, eit filmepos domorganisten dristar seg til å samanlikna med Wagners operatetralogi Nibelungenringen? Sjølv om dette ikkje er musikk eg har noko særleg forhold til, utvidar Reymaiers kraftfulle og raffinerte framføring førestillinga mi av korleis eit orgel kan klinga.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»