Koret trer fram

Vokalist Matt Berninger tek eit steg til sides og opnar opp for fleire røyster på The Nationals nye album.

Vokalist Matt Berninger tek eit steg til sides på det nye albumet til The National.
Vokalist Matt Berninger tek eit steg til sides på det nye albumet til The National.
Publisert

To og eit halvt minutt inne «Not in Kansas», eit av nøkkelspora på I Am Easy To Find, det nye albumet frå The National, tek vokalist Matt Berninger eit steg til side, og fram stig eit smått cohensk kor. Songen opnar seg opp og utfaldar seg derfrå på ein annan måte enn vande lyttarar kanskje kunne forvente.

For fram til dette punktet er songen klassisk The National. Berningers semisjølvbiografiske, assosiasjonsrike tekst er framført med den mørke røysta hans over eit tett, basisk rockekomp, ei oppskrift som har gjort bandet kjært for rockens mange melankolikarar. Då det åttande studioalbumet frå The National vart annonsert i vinter, sa ein trufast lyttar til meg med eit hjartesukk: «Håpar det ikkje berre blir nok ein haug med deprimerande songar denne gongen.»

Kollektiv energi

Det å gi fleire vokalistar ein sentral plass i songane, er eit enkelt, men høgst revitaliserande grep som viser seg å kjenneteikne heile I Am Easy To Find, som slik mobiliserer ein kollektiv energi. Det har tydelegvis gjort godt for alle involverte partar å lufte litt ut i det tette rommet Matt Berninger syng frå. Det er særleg kvinnerøyster som får meir plass, noko som endrar på dynamikken i songane til The National på forfriskande vis.

Det er ein fryd å høyre korleis markante vokalistar som Gail Ann Dorsey, Lisa Hannigan, Sharon Van Etten, Mina Tindle og Kate Stables går rett inn i desse songane og definerer identiteten deira, anten dei figurerer i duettar eller i ulike andre konstellasjonar, som på «Not in Kansas», der Dorsey, Hannigan og Stables utgjer koret. Dorsey, som mange vil hugse som ein viktig songar og musikar i David Bowies band, er med på fem av songane på I Am Easy To Find, og fleire vil ha høyrt kva ho tilførte «You Had Your Soul With You», opningssporet og den første singelen frå albumet – det er vanskeleg å førestille seg låten utan henne. På same vis stiller det seg med «So Far So Fast», som knapt er tenkjeleg utan Lisa Hannigan i hovudrolla.

Kreativt samarbeid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement