Koret trer fram
Vokalist Matt Berninger tek eit steg til sides og opnar opp for fleire røyster på The Nationals nye album.
Vokalist Matt Berninger tek eit steg til sides på det nye albumet til The National.
Foto: Graham MacIndoe
Rock
The
National:
I Am Easy
To Find
To og eit halvt minutt inne «Not in Kansas», eit av nøkkelspora på I Am Easy To Find, det nye albumet frå The National, tek vokalist Matt Berninger eit steg til side, og fram stig eit smått cohensk kor. Songen opnar seg opp og utfaldar seg derfrå på ein annan måte enn vande lyttarar kanskje kunne forvente.
For fram til dette punktet er songen klassisk The National. Berningers semisjølvbiografiske, assosiasjonsrike tekst er framført med den mørke røysta hans over eit tett, basisk rockekomp, ei oppskrift som har gjort bandet kjært for rockens mange melankolikarar. Då det åttande studioalbumet frå The National vart annonsert i vinter, sa ein trufast lyttar til meg med eit hjartesukk: «Håpar det ikkje berre blir nok ein haug med deprimerande songar denne gongen.»
Kollektiv energi
Det å gi fleire vokalistar ein sentral plass i songane, er eit enkelt, men høgst revitaliserande grep som viser seg å kjenneteikne heile I Am Easy To Find, som slik mobiliserer ein kollektiv energi. Det har tydelegvis gjort godt for alle involverte partar å lufte litt ut i det tette rommet Matt Berninger syng frå. Det er særleg kvinnerøyster som får meir plass, noko som endrar på dynamikken i songane til The National på forfriskande vis.
Det er ein fryd å høyre korleis markante vokalistar som Gail Ann Dorsey, Lisa Hannigan, Sharon Van Etten, Mina Tindle og Kate Stables går rett inn i desse songane og definerer identiteten deira, anten dei figurerer i duettar eller i ulike andre konstellasjonar, som på «Not in Kansas», der Dorsey, Hannigan og Stables utgjer koret. Dorsey, som mange vil hugse som ein viktig songar og musikar i David Bowies band, er med på fem av songane på I Am Easy To Find, og fleire vil ha høyrt kva ho tilførte «You Had Your Soul With You», opningssporet og den første singelen frå albumet – det er vanskeleg å førestille seg låten utan henne. På same vis stiller det seg med «So Far So Fast», som knapt er tenkjeleg utan Lisa Hannigan i hovudrolla.
Kreativt samarbeid
Kreativt samarbeid har vore drivkrafta og motoren bak I Am Easy To Find, som også viser seg å vere eit tverrestetisk kunstnarleg prosjekt. Då regissør Mike Mills tok kontakt med bandet for å lage noko saman med dei for ei tid tilbake sidan, visste han ikkje at Matt Berninger var fan av filmane hans. Utfallet vart eit ope samarbeid, og Mills figurerer som produsent på albumet, som kjem ut i tospann med ein ny film som er konseptuelt relatert til musikken.
No følgjer den obligatoriske turneen, og han er, ikkje overraskande, massiv, og strekkjer seg fram mot juletider. Korleis skal The National ta vare på desse nye songane på scenen? Kjem Berninger til å ta eit steg til side der også?
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»