JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Kontroll og eleganse

Gamaldansmusikk som grensar opp mot kunstmusikken.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1878
20200117
1878
20200117

Gamaldans

Anders Grøthes ensemble:

Danser i gammel stil av Anders Sørensen og Ole Rønning

Aksent

Mannen bak plateselskapet Aksent, Håvard Svendsrud, held trufast fram med å gje ut gull frå arkiva. Denne gongen gjeld det NRK-opptak frå 1986 og 1990 med gamaldansmusikk av komponistane Anders Sørensen (1821–1896) og Ole Rønning (1907–1993).

Musikken ein nyttar når det skal dansast vals, reinlendar og liknande, kan vera så mangt: frå solistisk felespel som stilmessig kan ligga nær opp til det eldre slåttespelet, via mindre grupper (der ein gjerne skil mellom melodi og komp), til større ensemble der stemmene er arrangerte og utskrivne på notar.

Det me får høyra på denne plata, er den typen gamaldansmusikk som grensar opp mot kunstmusikken. Trekkspelaren Anders Grøthe (f. 1944) står sentralt som solist i alle dei 19 komposisjonane han har arrangert for ensemble av ulik storleik (mellom anna med medlemer frå Kringkastingsorkesteret), men oftast medverkar to trekkspel, varierande tal strykarar, klarinett og gitar/bass. Jamvel vibrafon vert nytta av og til.

Arrangementa er svært gjennomarbeidde, og melodiføring/motstemmer vekslar elegant mellom trekkspela og strykarane. Som dansemusikk er dette funksjonelt og ukomplisert, men når det gjeld presisjonsnivå og detaljrikdom grensar dette mykje til den klassiske musikken. Sjølv om komposisjonane er henta frå kvart sitt hundreår, kan det ikkje seiast å vera nemneverdig musikalsk utvikling frå Sørensen til Rønning. Medan den musikken som får mest merksemd hjå musikkhistorieskrivarane er den som representerer noko nytt, er det typisk at dei mest folkekjære musikarane/komponistane ikkje nødvendigvis søker det nye, men tek vare på det gode og gamle.

Sigbjørn Apeland

Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis