Musikk

Kompromisslaust og inkluderande

Yves Tumor blandar vidt forskjellige uttrykk saman til ein akutt og tidsaktuell heilskap.

Publisert

Elektronika

Yves Tumor, ein flyktig figur som ein ikkje med sikkerheit kjenner fødenamnet og bustaden til, hevdar sjølv å vere inspirert av industrial-pionerane Throbbing Gristle. Utover det virtuost eksperimenterande musikalske handverket er det tydelege likskapar mellom Tumors og Gristle-frontperson Genesis Breyer P-Orridges særeigne og kjønnsbøyande image.

Sjangermiks

Dei ti spora på plata sneiar innom litt av kvart av sjangrar. I den eine augneblunken er spenstig pop à la Beck eit tydeleg referansepunkt, i den neste forvridd soul, R&B, funk og hip- og triphop, så chillwave og andre avartar av elektronisk dansemusikk. Spor etter Swans’ postindustrielle ritualpunk er òg til stades i durabelege mengder, ikkje minst i avslutningssporet «Let The Lioness In You Flow Freely», eit av dei mest høglydte på plata. Med ramsalt, monotont trommespel spekka med vreng, buldrande basstonar og ein countryaktig insektsverm av horn og strengar, læt dette som underhaldning på det mest hardsette tilfellet av låvedans som tenkjast kan.

Heilskap

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement