Kompromisslaus

Faschs mammutmesse var så vanskeleg at det tok ti år før songarane meistra henne.

Kammerchor Stuttgart blir dirigert av Frieder Bernius.
Kammerchor Stuttgart blir dirigert av Frieder Bernius.
Publisert

«Dei fyrste tre prøvane var ein katastrofe, og dei fylgjande ikkje stort betre.» Slik skildra den tyske komponisten Carl Friedrich Fasch innstuderinga av si 16-stemmige messe for blandakor, komponert i 1783. Ho var rett og slett for vanskeleg for hoffsongarane i Berlin.

Men Fasch var ein kompromisslaus kunstnar: I staden for å forenkla den kompositoriske substansen la han verket til sides, tok det no og då fram att og pussa på det, starta prøvane på nytt sju år seinare, før han i 1793 endeleg fann eit kor som meistra meisterverket. Han såg på det som sitt magnum opus, som det einaste kompositoriske monumentet han ville etterlata seg i musikksoga. Kort tid før han døydde i 1800, brende han nemleg alle dei andre korkomposisjonane sine.

Klangleg balanse

Men for Kammerchor Stuttgart og dirigenten deira, Frieder Bernius, er ikkje stykket «uframførbart». På dette nye albumet, der messa for fyrste gong er spelt inn på plate, syner ensemblet ein teknisk perfeksjon i framføringa, ein klangleg balanse mellom dei mange stemmene og ei livfull frasering som plasserer dei i verdseliten for denne typen vokalensemble. Kvifor er framføringa så mykje lettare for dette moderne koret enn for kora i Berlin på slutten av 1700-talet?

C.F. Fasch, som var den mindre kjende sonen til J.S. Bach-eleven Johann Friedrich Fasch, komponerte si Missa a 16 voci etter å ha sett ein tilsvarande komposisjon av den italienske 1600-talskomponisten Orazio Benevoli. Benevolis kunstferdig fleirstemmige satsstruktur, som var i tradisjonen etter renessansekomponisten Palestrina, kveikte Fasch til å komponera i ein arkaisk stil som skilde seg mykje frå den enkle, galante korstilen i samtida hans. Dagens profesjonelle kor syng jo musikk frå alle epokar. Men Faschs songarar kjende berre musikken frå samtida si – eit kor frå vår tid som berre hadde sunge samtidsmusikk, ville kan hende òg kome til kort i møte med Faschs messe.

Mindre arkaisk

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement