Kompromisslaus

Luigi Cherubini var ein musikar som komponerte for musikarar.

Den italienske komponisten Luigi Cherubini (1760–1842) måla av J.-A.-D. Ingres.
Den italienske komponisten Luigi Cherubini (1760–1842) måla av J.-A.-D. Ingres.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Den florentinske komponisten Luigi Cherubini rakk så vidt å få med seg det franske Ancien Régime då han slo seg ned i Paris i 1788. Året etter braka revolusjonen laus, og gjennom sitt 81 år lange liv opplevde han alt frå terrorveldet i 1793 og 1794 til Julirevolusjonen i 1830. Trass i dei omskiftelege samfunnstilhøva greidde han å halda på posisjonen som den leiande musikarpersonlegdomen i byen, og som komposisjonslærar og seinare direktør for Paris-konservatoriet prega han ein heil generasjon tilkomande komponistar.

Men verdsetjinga av Cherubini som komponist varierte. I periodar der spektakulær italiensk opera stod høgast i kurs, var ikkje den fornemme, strenge stilen hans nokon publikumsvinnar. Komponistane sette han derimot høgt, særleg Beethoven, som såg på han som sin største kollega.

Intellektuell

Kvifor er Cherubini framleis eit sjeldsynt namn på konsertplakatar og platecover? Ein av dei som har arbeidd mest med å lyfta han fram i ljoset dei siste tiåra, er den tidlegare La Scala-direktøren Riccardo Muti. Han har hevda at komponisten ikkje brydde seg om kva publikum meinte: «Cherubini skreiv for sjela og intellektet. Han var ein utprega intellektuell musikar som komponerte for musikarar.»

Ein annan «talsmann» for den gløymde meisteren er den tyske dirigenten Frieder Bernius. Cherubini-stykket han no har spelt inn med Kammerchor und Klassische Philharmonie Stuttgart, er av den sakrale sorten: Messe solennelle nr. 2 i d-moll for seks vokalsolistar, firstemmig kor og stort orkester, som blei påbyrja i 1811.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement