Kompromisslaus
Faschs mammutmesse var så vanskeleg at det tok ti år før songarane meistra henne.
Kammerchor Stuttgart blir dirigert av Frieder Bernius.
Foto: Carus
CD
Carl
Friedrich Fasch, Domenico Scarlatti:
Missa a 16 voci; Stabat Mater
Kammerchor Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Carus 2019
«Dei fyrste tre prøvane var ein katastrofe, og dei fylgjande ikkje stort betre.» Slik skildra den tyske komponisten Carl Friedrich Fasch innstuderinga av si 16-stemmige messe for blandakor, komponert i 1783. Ho var rett og slett for vanskeleg for hoffsongarane i Berlin.
Men Fasch var ein kompromisslaus kunstnar: I staden for å forenkla den kompositoriske substansen la han verket til sides, tok det no og då fram att og pussa på det, starta prøvane på nytt sju år seinare, før han i 1793 endeleg fann eit kor som meistra meisterverket. Han såg på det som sitt magnum opus, som det einaste kompositoriske monumentet han ville etterlata seg i musikksoga. Kort tid før han døydde i 1800, brende han nemleg alle dei andre korkomposisjonane sine.
Klangleg balanse
Men for Kammerchor Stuttgart og dirigenten deira, Frieder Bernius, er ikkje stykket «uframførbart». På dette nye albumet, der messa for fyrste gong er spelt inn på plate, syner ensemblet ein teknisk perfeksjon i framføringa, ein klangleg balanse mellom dei mange stemmene og ei livfull frasering som plasserer dei i verdseliten for denne typen vokalensemble. Kvifor er framføringa så mykje lettare for dette moderne koret enn for kora i Berlin på slutten av 1700-talet?
C.F. Fasch, som var den mindre kjende sonen til J.S. Bach-eleven Johann Friedrich Fasch, komponerte si Missa a 16 voci etter å ha sett ein tilsvarande komposisjon av den italienske 1600-talskomponisten Orazio Benevoli. Benevolis kunstferdig fleirstemmige satsstruktur, som var i tradisjonen etter renessansekomponisten Palestrina, kveikte Fasch til å komponera i ein arkaisk stil som skilde seg mykje frå den enkle, galante korstilen i samtida hans. Dagens profesjonelle kor syng jo musikk frå alle epokar. Men Faschs songarar kjende berre musikken frå samtida si – eit kor frå vår tid som berre hadde sunge samtidsmusikk, ville kan hende òg kome til kort i møte med Faschs messe.
Mindre arkaisk
CD-en er fint programmert. For som kontrast til Faschs komposisjon får me eit tilsvarande stykke av italienaren Domenico Scarlatti (1685–1757), som er mest kjend for dei særmerkte og musikkhistorisk viktige 555 klaversonatane. Scarlatti arbeidde mesteparten av livet ved hoffa i Portugal og Spania, men hadde ei fortid som kapellmeister ved det såkalla Cappella Giulia i Peterskyrkja i Roma, eit kor som både Palestrina og Benevoli i si tid hadde leidd. Og det var her han komponerte den tistemmige Stabat Mater, som er ei latinsk kyrkjehymne frå 1200-talet om Marias klage over sonetapet. Sjølv om Scarlatti tilhøyrde bestefargenerasjonen til Fasch, er stykket hans faktisk mindre arkaisk, med vakre solistiske innslag som Stuttgart-koret framfører på herleg barokk maner.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.