Komponistrøysta
Gottfried von der Goltz og Georg Philipp Telemann har same humor.

«Den som vil sitja trygt livet ut, lyt slå seg ned i ein republikk», hevda den tyske barokkomponisten Georg Philipp Telemann (1681–1767), som 31 år gamal busette seg i Frankfurt am Main. Fram til då hadde han tenestegjort ved ymse hoff og levd feitt på det. Men hofftilsette levde alltid på regentens nåde og kunne når som helst få sparken. Difor var musikkdirektørstillinga i Frankfurt eit sikrare val – i eit Tyskland prega av absolutistisk småstateri, herska det eit slags demokrati i denne frie riksbyen, om enn eit temmeleg oligarkisk eitt.
Telemann hadde eit kremmartalent som den rike messebyen Frankfurt gav han rikeleg høve til å leva ut. Ved sida av å arrangera den aller fyrste kyrkjekonserten i musikkhistoria der det blei teke inngangspengar, var han ein pioner innan musikkforlagsbransjen – nærare 50 trykte verksamlingar gav Telemann ut på eige forlag.
Fyste verk
På albumet Frankfurt Sonatas er det Telemanns aller fyrste trykte opus me får høyra: Six Sonates á Violon seul, accompagné par le Clavessin frå 1715, som blir samvitsfullt tolka av den tysk-norske fiolinisten Gottfried von der Goltz. Med seg har han éin cembalist, éin cellist og éin luttspelar – sistnemnde er Thomas Boysen frå Oslo, ein av verdas dyktigaste på den barokke basslutten teorbe.
Dei seks sonatane er konvensjonelle i forma, med høvesvis fire satsar etter mønsteret langsam–snøgg–langsam–snøgg. Slik sett kunne stykka altså vore laga av ein «gjennomsnittsitalienar»; i barokken var slike fiolinsonatar i italiensk stil ei slags kompositorisk plikt-øving. Men det som gjer Telemanns sonatar så gode, har ikkje med forma å gjera, men med måten han vekslar mellom det vanlege og det spesielle på. Rett som det er kjem der nemleg uventa, humoristiske vendingar. Eit døme er «Guige»-satsen frå Sonate nr. 2 i D-dur, der fiolinen insisterer på å spela grunntonen D gjennom heile opningsdelen, uavhengig av kvar bassinstrumentas melodi tek vegen.
Ikkje overspelt
Telemann er ein skjemtfull komponist. Om utøvarane ikkje deler hans smak for humor, læt det difor gjerne både tvinga og trivielt. Men balansegangen er hårfin: Blir det lagt for mykje vekt på dei musikalske vitsane, kling det overspelt. Von der Goltz’ tolking har mange fine kvalitetar; intonasjonen er perfekt og fraseforminga naturleg. Men det er måten han får fram det genuine i Telemanns kompositoriske røyst på, som gjer CD-en spesielt god.