Kollegial type

Stundom fekk Jan Willem de Vriend fram det beste ved bergensfilharmonikarane.

Den nederlandske fiolinisten og dirigenten Jan Willem de Vriend.
Den nederlandske fiolinisten og dirigenten Jan Willem de Vriend.

Konsert

Ludwig van Beet­hoven, Maja Ratkje:

Symfoni nr. 5 og nr. 6; Paragraf 112

Bergen Filharmoniske Orkester; dir.: Jan Willem de Vriend. Grieghallen, torsdag 19. september

Nederlandske Jan Willem de Vriend er ingen sjeldan gjest i Noreg. Han er Stavanger Symfoniorkesters artist in residence denne sesongen, og i mars neste år leier han Bergen Nasjonale Operas påkosta, fullsceniske produksjon av W.A. Mozarts La clemenza di Tito med Bergen Filharmoniske Orkester (BFO). Kor godt kjem han overeins med dette orkesteret? Beethoven-konserten i Grieghallen torsdag førre veke gav ein god peikepinn om kva bergensarane kan venta seg til våren.

Frå orkestergrava

Eg kjenner de Vriend frå plateinnspelingar med andre orkester, fyrst og fremst med det briljante Combattimento Consort Amsterdam, som han grunnla og spelte fiolin i frå 1982 fram til det blei nedlagt for fem år sidan. Sjølv om dette ensemblet nytta moderne instrument, fekk det godt fram den tidsriktige klangen, fraseringa og artikulasjonen i 1600- og 1700-talsmusikken.

De Vriend har altså røynsle med gamal musikk spelt på moderne instrument. Det merka me i måten han leidde BFO på. Som dirigent er han ikkje av den subjektive sorten som nyttar orkesteret som «sitt instrument». Han er meir den kollegiale typen, ein formidlar mellom partituret og orkestermusikarane – som fiolinist kjem han jo sjølv frå rekkjene deira.

Lagnadssymfonien

Å dempa den subjektive patosen når ein dirigerer Beethovens symfoniar, har eg elles sansen for: Dei er jo i seg sjølv så metta av sinnsrørslene til komponisten. Konserten byrja med «Lagnadssymfonien», Symfoni nr. 5 i c-moll, op. 67. Beethoven syner her korleis han med eit bitte lite motiv – det bankande, fire tonar lange «lagnadsmotivet» – greier å skapa vid, symfonisk heilskap. I den teknisk krevjande fyrstesatsen tok det litt tid før dirigent og orkester var heilt samstemde. Men frå og med repetisjonen av eksposisjonen (fyrstesatsens fyrste del) stemde samspelet; dei ulike laga i det fleirstemde blei tydelege, og ein veldig energi bygde seg opp.

Med sigersfanfaren i sistesatsen kom den endelege kraftutløysinga, eit parti som både med tanke på teknikk og uttrykk var det absolutte høgdepunktet denne kvelden. Slik sett kom dei litt i skuggen, dei solide tolkingane av Maja Ratkjes stutte Paragraf 112, ei instrumental tonesetjing av Grunnlovens «miljøparagraf», og Beethovens linne «Pastoralesymfoni», Symfoni nr. 6 i F-dur, op. 68. Hadde det ikkje vore lurare å la konserten byrja med desse to stykka? I alle høve: Kombinasjonen av de Vriend og BFO har eg tru på, særleg når dei har fått meir tid saman fram mot Mozart-premieren i Grieghallen i mars.