¿ Kolibriens vengeslag
Så fekk vi eit album til frå Leonard Cohen.
Leonard Cohen døydde i 2016, 82 år gammal.
Pressefoto
Lytt til artikkelen:
Ikkje rart at kolibrien er tiltrekkjande for poeten, med sitt spel med sansane, med kva vi ser, og kva vi høyrer: «Listen to the hummingbird/ whose wings you cannot see/ Listen to the hummingbird/ don’t listen to me.»
Slik går opningslinene på «Listen to the Hummingbird», det niande og avsluttande sporet på Thanks for the Dance, Leonard Cohen-albumet som kjem ut i dag. Oppmodinga, som verkar så typisk for artisten, kjem i form av ein enkelt, men elegant tonesett resitasjon av eit dikt, snarare enn ein song.
Siste opptaka
Godt er det uansett å høyre denne røysta, ikkje minst for lyttarar som har rekna Cohen for ein følgjesvein, som har vendt tilbake til songane hans opp gjennom åra og framleis prøver å venje seg til at mannen gjekk bort for tre år sidan.
Det skjedde berre få veker etter at albumet You Want It Darker kom ut. Så viser det seg at sonen Adam, som komponerte dei fleste melodiane til plata og fungerte som produsent, hadde fleire opptak frå den siste tida i farens liv. Mykje dreier det seg ikkje om. Thanks for the Dance varer i under halvtimen, men er likevel umisteleg for alle Cohen-lyttarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.