Klisjéknusarar
Stephin Merritt og Mike Hadreas vrir og vender på popklisjear, på kvar sin måte.
Rock
Mellom vårens utgivingar finn vi nye album frå fleire markante låtskrivarar, plater ein ser fram til fordi handverket vil vere så solid – fordi ein kan gå ut frå at både ord og tone vil vere så godt tekne vare på, innanfor dei skarve rammene av ein snutt på nokre minutt.
Jason Isbell gir med The 400 Unit ut Reunions, oppfølgjaren til strålande The Nashville Sound (2017), og eg er ikkje åleine om å vere nyfiken, for Isbell har verkeleg vakse som låtskrivar. Like eins er det grunn til å glede seg til å sjå kva Steve Earle & The Dukes har å melde, når dei straks er ute med Ghosts of West Virginia.
Folk som Isbell og ikkje minst Earle er som veteranar å rekne når det gjeld kunsten å skru saman ein låt, og det er også ein annan plateaktuell songkomponist av format, nemleg Stephin Merritt, som med The Magnetic Fields i dag gir ut Quickies, ei samling på heile 28 ganske korte låtar.
Det finst snuttar på Quickies som varer under minuttet, som det ironisk-majestetiske opningssporet «Castles of America», eller vesle «Song of the Ant», men det er fascinerande kor mykje Merritt pakkar inn i dei få sekunda det varer. Quickies er ei slags oppvisning i kva ein kan få til innanfor det ekstreme kortformatet. «Come, Life, Shaker Life!» har lengst speletid – og er ein song på to og eit halvt minutt.
Lyttarar som sette pris på 69 Love Songs (1999), eit høgdepunkt i The Magnetic Fields’ diskografi, vil finne nok å muntre seg over på Quickies, for til liks med klassikaren demonstrerer også årets album kor godt lakonikaren Merritt finn seg til rette i eit knapt format. Eg har smilt og ledd i møtet med songar som «The Day the Politicians Died», «My Stupid Boyfriend», «Kraftwerk in a Blackout», «Let’s Get Drunk Again (And Get Divorced)» og «I Wish I Were a Prostitute Again».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.