Kling no klokka
Her er tre juleplater, om du no leiter etter skråblikk eller høgtid – eller begge delar.
Knut Reiersrud og Iver Kleive har gjeve ut fleire julealbum.
Foto: Gitte Johannessen / NTB scanpix
Vi snublar inn i nok ei juletid, og har til og med ei helg å komme oss til hektene på før julaftan – skal vi få på noko julemusikk? Lat oss seie at svaret ditt på dette spørsmålet er eit rungande: «Ja!»
Då er det ikkje usannsynleg at du allereie veit kva du vil setje på. Du har dine tradisjonar, og veit kva som skal til for å få stemninga til å senke seg for din del. Men kanskje er du på utkik etter noko nytt?
For det manglar jo ikkje akkurat på nye alternativ i år heller. Kanskje har du allereie fått nok. Men somme lesarar vil nok vere av den lakoniske typen og lure på kva slags smått ikonoklastiske variant dei skal leite seg fram til i år. Finst det ei plate som tør å utfordre det glatte, krampaktige kosehysteriet? Som ei trøyst, når det no er alvor for alvor?
Småkrast skråblikk
Om du treng ein dose av akkurat det, vil kanskje Rodney Crowells Christmas Everywhere (New West/Border) vere ein god medisin. Som veteranen Rodney sjølv seier det i presseskrivet: «My childhood memories of Christmas aren’t warm and fuzzy.»
Titlar som «Merry Christmas From an Empty Bed», «Let’s Skip Christmas This Year» og «Christmas Makes Me Sad» seier noko om terrenget vi er på veg inn i, og kontrasten mellom munter musisering og småkrast skråblikk har noko uimotståeleg ved seg. «Mama wants a kitchen sink, daddy wants a stiffer drink», heiter det i tittelsporet, som i alle fall får mitt humør opp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.