Klimabølge
Climatewave uttrykkjer vêr- og klimamessig vemod.
Den siste tida har hittil uhøyrde mengder musikk i ein undersjanger av den samplebaserte internettmusikktradisjonen vaporwave skylt over den frie distribusjonsplattforma Bandcamp.com. Stilarten, som gjer vidstrekt bruk av samplingar frå vêrmeldingar, stutte kjenningsmelodiar og prognosar likeins, blir kalla climatewave.
Blant dei mange utgjevingane (til dømes Tiden Har Kommet av britiske Zecco), er det australske plateselskapet Sunset Grids samleplate c l i m a t e c h a n g e w a v e ekstra inspirerande. Her har eit utal artistar gått saman med velgjerdsføremål: Inntektene går til dyre- og skogbrannvernsorganisasjonar i Australia, som er i den paradoksale situasjonen at dei merkar klimaendringane på kroppen gjennom til dømes dei massive skogbrannane i 2019 og 20, men har ei klimaskeptisk regjering som mellom anna har kutta finansieringa til dei friviljuge brannkorpsa.
Den 121 låtar lange samlinga byd på litt av kvart, mellom anna ACID.rars spor Burn Scomo, bygt rundt jazzslageren «I Don’t Want To Set The World On Fire», «Consequence» av Datagirl, som samplar Iron and Wines «Teeth in the Ground», og Ealing.s «Gucci Snowman», som krinsar kring ei sampling av den kjende hiphopartisten Gucci Mane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.