Klassisk gamaldansmusikk
Av og til er det godt å få servert noko som er tradisjonelt.
Folkemusikk
Buen og Svendsruds kvartett:
Gamle dansar frå Telemark
Aksent
Runddansen, som vanlegvis ber det noko misvisande namnet «gamaldans» (sidan han er eit nyare fenomen enn til dømes springar og gangar), er populær over heile landet. Dansar som vals, reinlendar og polka er velkjende for dei fleste – også dei som ikkje er spesielt folkemusikkinteresserte. Likevel er det noko spesielt at det kjem ei plate med slik musikk frå Telemark – ein del av landet som i særleg stor grad har stått som representant for den eldre norske bygdekulturen. Og Knut Buen har i ein mannsalder vore ein av våre mest profilert utøvarar av slåttemusikk for hardingfele.
Men på Gamle dansar frå Telemark er det klassisk gamaldans av beste merke som er i fokus: Melodien ligg for det meste i fela, medan trekkspelet supplerer med parallell- og motstemmer. Bassen ligg stødig på dei tunge slaga, medan gitaren tek seg av etterslaga. Ingenting originalt med det. Me har høyrt det før. Men det er svært solid utført, og av og til vert me overraska av ein og annan asymmetrisk taktperiode, det vil seie at ikkje alt går opp i 4- og 8-taktsperiodar der ein av gamal mistanke veit når neste akkord kjem sjølv om melodien er ukjend. Slikt er forfriskande.
Utøvarane er veteranar i denne musikkforma: I tillegg til Knut Buen (f. 1947) medverkar Rolf Erik Syvertsen (f. 1942) som mange vil kjenna frå NRK, mellom anna i Arnt Haugens populære Husker du?-orkester. Svein Haugen (f. 1945) er mest kjend som solobassist i Oslo filharmoniske orkester. Yngstemann på laget, trekkspelaren Håvard Svendsrud (f. 1974), har brei røynsle frå både klassisk musikk og folkemusikk. Han er dessutan mannen bak plateselskapet Aksent, som i tillegg til ny folkemusikk har gjeve ut mange verdfulle arkivopptak.
Av og til er det godt å få servert noko som ikkje er oppfinnsamt eller uvanleg. Dette er ei framifrå plate i stunder der ein treng å kvila i det trygge og velkjende.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikk-
meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.