Musikk

Klassisk filmmusikk i ny drakt

Norma Winstone lar seg ikkje kua av tung tradisjon.

Publisert

Norma Winstone (77) har ein platekarriere som går attende til 1969. Seinare har ho samarbeidd med dei fleste store namna i britisk jazz. Mest kjend er ho truleg for innspelingane med trioen Azimuth, der trompetaren Kenny Wheeler og pianist og ektemann John Taylor var dei to andre medlemmene. Trioen eksisterte i 23 år frå 1977. Etter tusenårsskiftet har ho samarbeidd kontinuerleg med den italienske pianisten Glauco Venier og den tyske saksofonisten og klarinettisten Klaus Gesing.

Taxidriver

Descansado er forteljekunst på aller øvste hylle. Filmmusikkikon som blant andre Nino Rota, Michel Legrand, Ennio Morricone, Armando Trovajoli og William Walton har levert musikken. Winstone, som også er ein glimrande lyrikar, har skrive tekst til nokre instrumentallåtar, mellom andre Taxi Driver-temaet til Bernard Herrmann og tittelkuttet som Trovajoli skreiv til komedien Ieri, Oggi, Domani. Winstone har erstatta den smått teatralske altsaksfraseringa i Taxi Driver-temaet med ein tekst og eit tilhøyrande arrangement fylt av truverdig tristesse. Den lettbeinte sambaen til Trovajoli er transformert til ein vemodsfylt og harmonisk ambivalent refleksjon i medium tempo.

Finkalibrert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement