Klår og kraftfull
Chouchane Siranossian introduserer oss for eit ukjent namn i musikkhistoria.
Den armenskætta franske fiolinisten Chouchane Siranossian.Den armenskætta franske fiolinisten Chouchane Siranossian.
Foto: Nikolaj LundFoto: Nikolaj Lund
CD
Har du høyrt gjete Andreas Romberg (1767–1821), imponerer du meg. Denne tyske fiolinvirtuosen og komponisten er i dag lite meir enn eit namn i musikkhistoria, men i samtida blei han nemnd i same andedrag som Haydn, Mozart og Beethoven.
Under (det ikkje heilt rette) merkenamnet «brørne Romberg» turnerte han og syskenbarnet, cellisten Bernhard Romberg, Europas hoff og storbyar som vedunderbarn. Dette var i 1774, i ei tid då det var høgkonjunktur for vedunderbarn: Hadde ein før sett på barn som uferdige vaksne, dyrka ein dei no som uttrykk for det ekte og naturlege, usulka av sivilisasjonen.
Tre konsertar
Andreas Rombergs karriere blei prega av napoleonstidas politiske uro, og han bytte difor hyppig arbeidsgivar. I alt tjue fiolinkonsertar etterlét han seg, og tre av dei (nr. 4, 12 og 9) har fiolinisten Chouchane Siranossian og Capriccio Barockorchester no spelt inn på instrument frå Rombergs samtid.
To av konsertane er i dur, og éin er i moll, og det er mollkonserten som fenger mest. Medan durkonsertane (1786 og 1795) tenderer til wienerklassisk metervare, er mollkonserten (1800) meir original. Han er mest romantisk, med noko av sein Mozart og tidleg Beethoven ved seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.