Klangleg detaljrikdom
Verka er fulle av små detaljar som openberrar seg for kvar gong ein lyder på Botanisk hage.
I kvartetten spelar Kristine Tjøgersen (t.v.), Hanne Rekdal, Eira Bjørnstad Foss og Tove Margrethe Erikstad.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbluss
Samtidsmusikk
Tøyen Fil og Klafferi:
Botanisk hage
Hanne Rekdal, fløyter og fagott; Kristine Tjøgersen, klarinettar; Eira Bjørnstad Foss, fiolin; Tove Margrethe Erikstad, cello
Aurora / Grappa
Kvartetten Tøyen Fil og Klafferi har sidan starten i 2010 tinga nærare 30 verk frå (hovudsakeleg) yngre, gjerne sjangeroverskridande komponistar. På denne plata spelar ensemblet seks verk av Hafdis Bjarnadóttir, Carola Bauckholt, Kristine Tjøgersen, Klaus Ellerhusen Holm, Ylva Lund Bergner og Lars Skoglund. Og på nettsida kan ein lesa at det alt er tinga seks nye verk frå andre komponistar.
Botanisk inspirasjon
På idéplanet er det den konkrete staden – Botanisk hage i Oslo – som er inspirasjon for verka. Det vakre og informative omslaget på vinylversjonen av utgjevinga inneheld detaljert informasjon om dette og er såleis ei påminning om at dei fysiske utgjevingane framleis er å føretrekka.
Medan mykje av den andre stadsspesifikke samtidsmusikken er improvisasjonsbasert, er denne musikken skapt med utgangspunkt i partitur og ideen om realisering av verka til komponistane.
Alternativ teknikk
Klangleg sett er musikken prega av alternative speleteknikkar, som ofte gjer det vanskeleg å vita kor lyden kjem frå når ein ikkje ser det. Dessutan er instrumentariet utvida med bruk av til dømes boksar, blad, steinar, sand, vatn, greiner og sugerøyr. Likevel kling dette umiskjenneleg som «ny musikk». Men medan store delar av samtidsmusikken som har utgangspunkt i dei institusjonaliserte delane av musikklivet (som musikkhøgskular og samtidsmusikkfestivalar) kan vera føreseielege og ofte keisame, er desse verka fulle av små detaljar som openberrar seg for kvar gong ein lyder på plata – på same måten som det er nye ting å oppdaga kvar gong ein går med opne sansar inn i ein botanisk hage.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.