Klangbilete
Gisle Kverndokk søkjer etter den gode melodien i songane sine.
Mezzosopranen Marianne Beate Kielland syng 22 songar av Gisle Kverndokk.
Foto: Lena Lahti
Kva er det som gjer ein melodi god? Dette spør komponisten Gisle Kverndokk (fødd 1967) seg i omslagsessayet til albumet Så kort ein sommar menneska har. Her får me 22 songar med klaverakkompagnement, mange av dei henta frå opera-, musikal- og teaterframsyningane hans.
Den sterkaste songsyklusen er Ruth Maier in Memoriam, som blei til ved Det Norske Teatret. Han byggjer på dagbøkene til den unge jødiske kvinna Ruth Maier, som flykta frå Wien til Noreg i 1939. Her trefte ho – og forelska seg i – diktaren Gunvor Hofmo. Men livet og kjærleiken blei kort. 1. desember 1942 myrda nazistane henne i Auschwitz, 22 år gamal.
Teksten til Ruth-songen «Tingene kommer meg nærmere nå» er gripande i ærlegdomen og kjensleintensiteten sin. Men det kabaretaktige klaverakkompagnementet til Kverndokk tykkjer eg får eit mest ironisk preg. Tonesetjinga fungerte nok betre som kammermusikal på teaterscena enn som kunstsong på albumet.
Tekstnære melodiar
Attende til spørsmålet om kva som gjer ein melodi god. Eit eintydig svar er vanskeleg, det er jo så sjanger- og stilavhengig. Ein god melodi må både innfri forventningane våre og overraska oss gjennom brot på dei same. Om melodien skal syngjast på tekst, bør han jo høva til innhaldet i teksten, til det som blir fortalt.
Uansett: Etter å ha lytta til mezzosopranen Marianne Beate Kielland og pianisten Nils Anders Mortensens framføring på plata skjønar me at naturlege og tekstnære melodiar kjem lett for Kverndokk. I tillegg likar han noko særleg barokkomponistane var gode på, nemleg å skildra ting som førekjem i teksten gjennom akkompagnementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.