Kjøpesentersolnedgang
T. Hardy Morris lagar sivilisasjonskritisk rockemusikk.
T. Hardy Morris har ambisjonar om å skape sivilisasjonskritikk, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Alec Stanley
Eg likar slåande samansetjingar av bilete i ein songtekst, og det er nett det T. Hardy Morris leverer med det som for meg er nøkkellåten på nye The Digital Age of Rome, nemleg «Shopping Center Sunsets», som utleverer tristessen i det moderne livet på utsøkt vis.
Albumtittelen reflekterer artistens ambisjonar om å skape eit aldri så lite stykke sivilisasjonskritikk, og kva for arena kunne vere meir veleigna enn kjøpesenteret? Morris har sikkert lese Allen Ginsbergs (1926–1997) «A Supermarket in California» (1955), der poeten vandrar med lengtande sjel mellom hyller bognande med hermetikk og manar fram visjonar om Walt Whitman (1819–1892).
Vakkert i det stygge
No er ikkje eit norsk kjøpesenter eigna til å kvele sjel og livslyst like intenst som eit amerikansk, det baserer eg på førstehandserfaring, men skilnadene er likevel ikkje større enn at Morris’ skildring av konsumerisme og forfall er til å forstå så altfor godt.
Eg smiler mitt mest deprimerte smil av stemningane i «Shopping Center Sunsets», som også på sitt vis manar fram det vakre i det stygge. I intervju har låtskrivaren fortalt at kvar ettermiddag på det lokale kjøpesenteret hans i Athens i Georgia er lik: Alskens neonlys og skilt kappast om merksemda i eit visuelt åtak på sanseapparatet, men så går sola ned, og ein merkar knapt noko anna enn den raudglødande skiva. Ein er på eit kjøpesenter, og ein er på rett plass om ein er ute etter byens beste naturoppleving, for ingen stad er utsikta betre.
Meloditeft
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.