Kjøpesentersolnedgang
T. Hardy Morris lagar sivilisasjonskritisk rockemusikk.
T. Hardy Morris har ambisjonar om å skape sivilisasjonskritikk, skriv Øyvind Vågnes.
Foto: Alec Stanley
Rock
T. Hardy Morris:
The Digital Age of Rome
New West
Records / Border
Eg likar slåande samansetjingar av bilete i ein songtekst, og det er nett det T. Hardy Morris leverer med det som for meg er nøkkellåten på nye The Digital Age of Rome, nemleg «Shopping Center Sunsets», som utleverer tristessen i det moderne livet på utsøkt vis.
Albumtittelen reflekterer artistens ambisjonar om å skape eit aldri så lite stykke sivilisasjonskritikk, og kva for arena kunne vere meir veleigna enn kjøpesenteret? Morris har sikkert lese Allen Ginsbergs (1926–1997) «A Supermarket in California» (1955), der poeten vandrar med lengtande sjel mellom hyller bognande med hermetikk og manar fram visjonar om Walt Whitman (1819–1892).
Vakkert i det stygge
No er ikkje eit norsk kjøpesenter eigna til å kvele sjel og livslyst like intenst som eit amerikansk, det baserer eg på førstehandserfaring, men skilnadene er likevel ikkje større enn at Morris’ skildring av konsumerisme og forfall er til å forstå så altfor godt.
Eg smiler mitt mest deprimerte smil av stemningane i «Shopping Center Sunsets», som også på sitt vis manar fram det vakre i det stygge. I intervju har låtskrivaren fortalt at kvar ettermiddag på det lokale kjøpesenteret hans i Athens i Georgia er lik: Alskens neonlys og skilt kappast om merksemda i eit visuelt åtak på sanseapparatet, men så går sola ned, og ein merkar knapt noko anna enn den raudglødande skiva. Ein er på eit kjøpesenter, og ein er på rett plass om ein er ute etter byens beste naturoppleving, for ingen stad er utsikta betre.
Meloditeft
Det sosiopolitiske blikket er også markant til stades på ein song som «First World Problems», som går i rette med materialismen som gjennomsyrer den vestlege livsstilen. Men The Digital Age of Rome er verken eit surmaga eller eit betrevitande, moraliserande prosjekt. Morris er ikkje den typen artist. Han sit i klisteret, saman med oss andre. Ein song som «Just Pretend Everything Is Fine» plasserer seg uklart ein stad mellom apati og resignasjon, men som heilskap teiknar plata eit meir samansett bilete.
Nokre lesarar vil ha høyrt det førre, kritikarroste albumet til T. Hardy Morris, med den herlege tittelen Dude, the Obscure (2018) (som har lite til felles med Thomas Hardys roman Jude the Obscure frå 1895). Med seg denne gongen har han folk som Brad Morgan, trommisen i Drive-By Truckers, og Faye Webster (også plateaktuell med strålande I Know I’m Funny haha).
Rockeuttrykket er ganske rett fram, men det læt som det skal, og Morris har meloditeft. Eg vert gåande og tralle på desse låtane heile vegen til kjøpesenteret.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB