Kjølig fransk distanse
Louis Sclavis innfrir med ein klassisk jazzkvartett.
50 år er gått sidan det tyske plateselskapet ECM blei skipa og dei gav ut den første plata si, Free at Last med Mal Waldron Trio. På Victoria er det stor jubileumsfeiring denne veka. Det høver såleis godt å melda den siste plata til den franske klarinettisten og komponisten Louis Sclavis. Han er ein institusjon i fransk jazzliv og har gjeve ut heile 13 plater på ECM. For dei som ynskjer å gå Sclavis nærare etter i saumane, kan Napoli’s Walls (ECM) frå 2002 vera ein god stad å byrja. Den plata knyter seg til Characters on a Wall ved at ho er inspirert av arbeida til den franske biletkunstnaren Ernest Pignon-Ernest.
Inspirasjonskjelder
Den andre inspirasjonskjelda er den nye kvartetten. Sclavis har ofte operert i kvartettformat, men aldri i ein klassisk piano, bass og tromme-samanheng. Pianisten Moussay var også med på den førre plata til Sclavis. Både Murcia og Lavergne er godt etablerte musikarar, men dette er platedebuten deira saman med Sclavis. At kvartetten er relativt fersk, kan ein ikkje høyra.
Pasolini-hylling
Det liketil og til dels leikande samspelet er utan tvil den største attraksjonen ved plata.
Også komposisjonane til Sclavis gjer inntrykk, spesielt den mest ti minuttar lange «L’heure Pasolini», som byrjar som ein mørk og rytmisk fri og harmonisk open ballade, men på tampen går over i ljosare og raskare vals der bassklarinetten er bytt ut med vanleg klarinett. Kontrasten i komposisjonen er ei fin hylling til den italienske filmskaparen. Moussay følgjer fint opp med «Shadows and Lines» med fascinerande lågmælt på-og-av groove. Ei typisk ECM-plate, men også denne gongen er det eit adelsmerke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.