Kjetil Mulelid imponerer
Ensemblet er godt synleg i ein nedgrodd flora av pianotrioar.
Kjetil Mulelid Trio albumdebuterte for to år sidan.
Foto: Leikny Havik Skjærseth
Jazz
Kjetil Mulelid Trio
What You Thought Was Home
Kjetil Mulelid, piano, Bjørn Marius Hegge, bass og Andreas Skår Winther, trommer.
RUNE GRAMMOFON RCD2208
Medlemmene i denne trioen har mange jarn i elden. Dei har alle tre ei handfull prosjekt som dei aktivt tek del i, og dei respektive diskografiane byrjar å bli skikkeleg lange. Det er fort å gløyma at desse musikarane er +/- 30 år.
Åtte av dei ni låtane er komponerte av orkesterleiaren sjølv, medan «Bruremarsj» er signert Hegge. Trioen debuterte for to år sidan med Not Enough To Buy A House, og sjølv om slektskapen er tydeleg, er både komposisjonar, arrangement og lydbilete denne gongen meir profilerte. Trioen er i ferd med å skapa ein distinkt signatur. Framleis står det melodiøse i høgsetet, og gospelpåverknaden finn ein til dømes i «Homecoming» og nemnde «Bruremarsj», men What You Thought Was Home har ofte ein sær vri på melodikk, harmonikk og rytmikk som gjer denne utgjevinga meir fascinerande enn forgjengaren.
Den musikalske samtalen er stort sett i ein klassisk Bill Evans-tradisjon, men også her tek dei grep, som i den rytmisk bastante «Folk Song». Det ein sann svir å høyra korleis Mulelid og Skår Winther snor sine ytringar rundt ei fjellstø basslinje. Lydbiletet er svært «demokratisk» og tett på instrumenta, og i låten «Tales» svevar EST over vatna. Mulelid er ein flott improvisator som vågar å la linjene klinga ut. Ofte gjer han nett den vesle, men overraskande vrien på linja som gjer at han held lydaren i age.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar
ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Kjetil Mulelid Trio
What You Thought Was Home
Kjetil Mulelid, piano, Bjørn Marius Hegge, bass og Andreas Skår Winther, trommer.
RUNE GRAMMOFON RCD2208
Medlemmene i denne trioen har mange jarn i elden. Dei har alle tre ei handfull prosjekt som dei aktivt tek del i, og dei respektive diskografiane byrjar å bli skikkeleg lange. Det er fort å gløyma at desse musikarane er +/- 30 år.
Åtte av dei ni låtane er komponerte av orkesterleiaren sjølv, medan «Bruremarsj» er signert Hegge. Trioen debuterte for to år sidan med Not Enough To Buy A House, og sjølv om slektskapen er tydeleg, er både komposisjonar, arrangement og lydbilete denne gongen meir profilerte. Trioen er i ferd med å skapa ein distinkt signatur. Framleis står det melodiøse i høgsetet, og gospelpåverknaden finn ein til dømes i «Homecoming» og nemnde «Bruremarsj», men What You Thought Was Home har ofte ein sær vri på melodikk, harmonikk og rytmikk som gjer denne utgjevinga meir fascinerande enn forgjengaren.
Den musikalske samtalen er stort sett i ein klassisk Bill Evans-tradisjon, men også her tek dei grep, som i den rytmisk bastante «Folk Song». Det ein sann svir å høyra korleis Mulelid og Skår Winther snor sine ytringar rundt ei fjellstø basslinje. Lydbiletet er svært «demokratisk» og tett på instrumenta, og i låten «Tales» svevar EST over vatna. Mulelid er ein flott improvisator som vågar å la linjene klinga ut. Ofte gjer han nett den vesle, men overraskande vrien på linja som gjer at han held lydaren i age.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar
ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.